Hopp til innhold

Dårlige vintrar fører til Rottefella-permitteringar

22 tilsette ved Rottefella i Hurum blir permittert frå fredag. Årsaka er dårlege snøforhold og nedgangen i norsk økonomi.

Rottefella rulleskibinding

Skibindingane frå Rottefella er nesten like urnorsk som ostehøvelen og bindersen. No må fabrikken permittere fleire titals tilsette på grunn av snøfattige vintrar.

Foto: Kim Jansson / NRK

Det er hovudsakleg tilsette i produksjonsavdelinga som permitterast, melder Røyken og Hurums Avis.

– Først og fremst er det dei dårlege vintrane dei to siste åra som gjer at vi no permitterer. Rottefella lev av snø, seier administrerande direktør, Christer Johnsen.

Vi skulle helst ha hatt minus tre og ein halv meter snø.

Administrerande direktør Christer Johnsen

Han sitt i bilen på veg gjennom Oslo og les at det er sju og ein halv plussgrad på temperaturmålaren.

– Vi skulle helst ha hatt minus tre grader og ein halv meter snø. Vi har investert fleire titals millionar i ny produksjon ved fabrikken på Klokkarstua i Hurum, så då treng vi eit visst volum for å klare oss, seier Johnsen til NRK.

Verdas største skimarknad ikkje nok

Produsenten av skiutstyr jobbar mot marknadar som Russland, Nord-Amerika og Europa, i tillegg til den viktige norske marknaden. Valutakursane jobbar og mot Rottefella-bindingen.

– Det er tungt å selje produkta våre i blant andre Russland i eurovalutaen.

No håper han på gode snøhøve både i Noreg og utlandet. Landet vårt er verdas største skimarknad.

– Men Noreg åleine er ikkje nok. Vi håper på endring i vêret og eit godt julesal. Då kan vi nok ta folk inn att utover nyåret, seier Johnsen.

Dei tilsette har gjennom fagforeiningane vore informerte om bedrifta sin situasjon den seinare tida.