NRK Meny

Dannar nytt stor-konsern

Landets største anleggsgartnarfirma, Steen og Lund er kjøpt opp av BetonmastHæhre AS, selskapet som blei danna då Hæhre Isachsen Gruppen slo seg saman med Betonmast, skriv Drammens Tidende.

Steen og Lund har 200 tilsette, og kontor blant anna i Lier og på Geilo. No blir dei ein del av eit stor-konsern med meir enn 2.300 tilsette og ein omsetnad på rundt ni milliardar kroner.