Hopp til innhold

Damer frå heile landet vil date Leif (80)

STEINBERG (NRK): Marita Nilsen frå Drammen synest det var leit å sjå at bestefar Leif (80) var einsam. Nå blir ho kontakta av damer over heile landet som vil på date med bestefaren.

Marita og bestefar

Meldingane har strøyma inn og Marita viser bestefar Leif Øyvind nokre av damene som vil treffe han.

Foto: Erlend Dalhaug Daae / NRK

– Det blir litt einsamt å sitte her aleine og sjå på TV kvar kveld.

Leif Øyvind Nilsen har invitert oss inn i stova. Det blir ein del lange kveldar her aleine i godstolen med favorittprogram frå Alaska på fjernsynet.

Inne i stova

Leif Øyvind Nilsen er sosial og glad i å prate med folk. Nå er han lei av kveldar aleine framfor fjernsynet på Steinberg ti minutt utanfor Drammen.

Foto: Erlend Dalhaug Daae / NRK

Det var Drammens Tidende som fyrst omtalte saka.

Fått hundrevis av meldingar

Det kan det bli slutt på etter at barnebarnet la ut kontaktannonse på Facebook.

Skjermdump

Slik såg kontaktannonsen Marita Nilsen delte på Facebook ut.

Foto: Skjermdump

– Det har tatt veldig av, ler Marita.

Innlegget der Marita spør om nokon har ei einsleg bestemor til far som ho kallar han, har blitt delt 266 gonger i skrivande stund og har nærmare 100 kommentarar som nemner gode forslag til kandidatar for Leif. I tillegg har innboksen til Marita nærmast rennt over.

– Det har kome meldingar frå heile landet. Det var ei frå Lofoten som tilbaud seg og hente han på flyplassen om han vil kome opp dit å treffe ho, smiler Marita og legg til at han nok helst vil ha ei frå nærområdet.

Leif Øyvind Nilsen

Marita skildrar bestefaren sin som ein snill og raus mann som er glad i skog og mark.

Foto: Erlend Dalhaug Daae / NRK

Enkemann for 17 år sidan

Leif Øyvind mista kona si Randi for 17 år sidan. Etter nokre år aleine fekk han seg ny kjærast. For tre år sidan gjekk også ho bort.

Nå er 80-åringen meir enn klar for å stifte nye kjenningar.

– Eg har sett litt på mobilen at eg har fått meldingar. Men eg har ikkje tatt kontakt enda, eg må ta det litt med ro. Nå har eg venta så lenge at eg klarer å vente nokre dagar eller veker til.

Marita er klar for å hjelpe til i prosessen.

– Me må begynne å sortere litt og finne den perfekte dama. Kanskje eg kan presentere ei for han neste veke.

– Må vere til å stole på

Ho fortel at bestefaren er interessert i jakt og turar i skog og mark, køyrer bil og er glad i å vere med familien. Han er sosial og glad i å skravle.

Kva ser du etter, Leif?

– I fyrste omgang må eg jo sjå på bilde. Men ho må vere snill, grei, koseleg og til å stole på. For det er eg, smiler han.

Marita og farfar

Marita er eit av Leifs to barnebarn og håpar bestefaren kan finne ein venn eller kjærast som kan gjere han mindre einsam i kvardagen.

Foto: Erlend Dalhaug Daae / NRK