Hopp til innhold

Usikker framtid for skisprint i bysentrum

Det internasjonale skiforbundet, FIS, er usikre på om dei vil satse på bysprint som arrangement i framtida. Kvaliteten på arrangementa varierar for mykje. Då hjelper det lite at Drammen har stått bak ei rekkje prikkfrie arrangement.

Skisprint i Drammen

Det internasjonale skiforbundet er usikker på om det vil satse vidare på worldcup skisprint i bygater.

Foto: Heidi Elisabeth Odde, NRK

På eit møte i oktober 2011 utfordra FIS alle nasjonar til å vurdere om ein skulle halda fram med å arrangere verdenscuprenn i skisprint i bysentra.

– Det er hovudsakleg to grunnar til det, fortel visepresident i Norges skiforbund (NSF), Erik Røste.

Erik Røste

Erik Røste, visepresidant i Norges skiforbund, på plass under Worldcup Drammen 2012

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

– Nye marknadsavtaler gjer at det er fem store sponsorar for alle verdenscuprenn i langrenn, samme kor i verda dei blir arrangert, seier han, og fortel at trailerlass med sponsormateriell som skal riggast opp og plasserast godt synleg i tv-bildene, gjev store utfordringar for dei lokale arrangørane som skal rigge dette.

Satsar store ressursar

Det internasjonale skiforbundet (FIS) satsar store ressursar på å oppretthalde ein viss standard på verdenscupløypene.

I bysprintane har det vist seg vanskeleg å gjennomføre dette, då traséen nødvendigvis må gå i gatene.

– I byane må ein ta det ein får, og standarden blir deretter, seier Røste. Han er på plass i Drammen for å oververa årets skisprint, og presiserer at både FIS og NSF er strålande nøgd med arrangementet i byen.

– Drammenskonseptet er veldig bra, meiner Røste, og legg til at dei her i byen har fått til akkurat det NSF ønskjer seg.

– Skisprinten i Drammen er eit samarbeid mellom idrettslaget, kommunen og det lokale næringslivet, og det er akkurat slik me i NSF ønskjer at det skal fungere.

Visepresidenten i Norges skiforbund lovar at dei kjem til å jobbe for at arrangementet i elvebyen skal bestå i åra framover.

Håpar på utanlandsk seier

Det einaste minuset med arrangementet i Drammen, er at konkurransen i alle år har vore for dominert av norske og svenske løparar.

Skisprint i Drammen 2007

Normenn og svenskar har dominert skisprinten i Drammen. Her frå semifinalen i 2007, Odd-Bjørn Hjelmeset og Øystein Pettersen

Foto: Erichsen, Jarl Fr. / SCANPIX

– Paradoksalt nok har me grave vår eigen grav ved rett og slett å ha vore for gode, seier Røste.

– Det er klart det er moro å få firedobbelt norsk øvst på resultatlista, men for Drammen skisprint si framtid, er det ikkje sikkert det er så bra, meiner han.

Det er også i Sverige og Norge interessen for å sende direkte frå skisprinten er størst. Tysk fjernsyn til dømes har dei siste åra ikkje vore interessert i å sende frå Drammen.

Årsaka er sannsynlegvis den norsk/svenske dominansen.

FIS er ikkje nøgd med dette. Dei vil ha internasjonal dekning.

– Det er hyggeleg om det er ein nordmann øvst på pallen, men med tanke på arrangementet i framtida, vil det nok absolutt vera best med ein tysker eller italienar øvert på pallen, smiler Røste.

Drammen, god reklame

Leiar for organisasjonskommitéen for FIS Worlcup Drammen, Arne Madsen, er ein travel mann på renndagen.

På veg mellom jurymøte og eit sponsorarrangement fortel han at organisasjonskommiteen ikkje kjem til å foreta seg noko spesielt overfor Norges skiforbund og FIS for å bestå.

– Me set løparane i fokus og satsar på å laga eit prikkfritt arrangement, seier han entusiastisk.

– Når dei ser kor bra dette blir, trur det er reklame god nok for at bysprinten som fenomen vil bestå også i framtida, seier Madsen.

Skisprint Drammen

Engasjert publikum under skisprinten i Drammen

Foto: Thor Even Mathisen / NRK

Bestemmer seg til sommaren

Det er FIS som tildeler verdenscuprenn til Norges skiforbund, som igjen avgjer kor i Norge dette skal arrangerast.

Visepresident Erik Røste trur det sit langt inne hjå FIS å gå heilt bort frå bysprintane. Han er optimistisk med tanke på framtida for arrangementet i Drammen.

– Utan at eg kan love noko, trur eg det blir skisprint i Drammen neste år også, seier Røste.

Bestemmelsen blir tatt på kongressen FIS skal ha i Korea juni.