NRK Meny

Bussar passasjerar på Bergensbanen

Bergensbanen skulle gått som normalt frå søndag morgon. I staden vil toga tidlegast gå som normalt frå klokka fire i ettermiddag.

– Vi er klar over at dette er ei kraftig forseinking, og det er berre å be om orsaking, seier pressevakt i jernbaneverket, Kjell Bakken.

NSB jobbar no med å setje opp bussar for togpassasjerane som er råka av forseinkingane.