Nå startar buss for tog-sommaren: – Neste veke blir verst

Frå i morgon må du rekne med å bruke ekstra tid om du skal ta tog på heile Austlandet. I seks veker blir det buss for tog både på Østfoldbanen og Drammenbanen.

Tog-kø Drammen

Slik har det sett ut på Drammen stasjon tidlegare somrar når togpassasjerar ventar på buss.

Foto: Ole Morten Eriksen / NTB scanpix

Som dei siste åra er det omfattande arbeid i Lieråsen tunnel mellom Drammen og Asker og på Østfoldbanen som fører til litt ekstra kronglete togturar i sommar.

Bane Nor meiner at dei har lært frå tidlegare somrar og at buss for togtilbodet blir betre denne gongen.

Har sett inn fleire bussar

– Me har nok bussar og har oppskalert tilbodet med tanke på trafikkteljinga me sit inne med, så dette skal me greie å handtere på ein god måte, seier Ola Kollerud, konduktørleiar i Vy.

Full togstopp

Lieråstunnelen opna for trafikk i 1973 og reduserte reisetida frå Drammen til Oslo frå 50 til 31 minutt. I sommar blir det vedlikehaldsarbeid i tunnelen frå juni til august.

Foto: Erlend Dalhaug Daae

Det er den fyrstkomande veka som kan bli mest utfordrande for deg som togpassasjer. Mange har enno ikkje tatt ferie og skal ut på sin vanlege pendletur inn mot hovudstaden både frå Østfold, Akershus og Buskerud.

– Me ynskjer at alle som skal reise, anten det er med tog og buss eller på andre måtar, førebur seg på at det også i periodar kan bli tett trafikk, og at reisa kan ta ekstra tid, seier Gina Scholz, kommunikasjonssjef i Vy.

Dei opplyser om at bussane som blir sett inn vil bruke 30-60 minutt lengre tid enn toga vanlegvis brukar på den same strekninga.

Passasjerar på Sørlandsbanen blir også påverke av arbeida i Lieråstunnelen i sommar. Dei blir sendt med buss frå Oslo S til Kongsberg.

Om du skal ta Bergensbanen i sommar slepp du over på buss. Toga går over Roa via Gjøvikbanen direkte til Hønefoss.

Ola Kollerud

Ola Kollerud viser kor bussane kjem inn på Drammen stasjon.

Foto: Ingar Andreassen / NRK

Arbeida startar også denne helga på Østfoldbanen og vil også påverke togpassasjerar som tenkjer seg over landegrensa mot Sverige og Europa.

Skal bli meir punktleg

Togpassasjer Svein Arnesen synest det er heilt greitt med buss for tog ein periode, når føremålet er godt.

– Det er sikkert fornuftig det om det må gjerast. Kanskje toga vil gå i rute framover, seier Arnesen.

Togpassasjer

Svein Arnesen meiner det er på sin plass med buss for tog i sommar når det er viktig vedlikehaldsarbeid som må gjerast.

Foto: Ingar Andreassen / NRK

Bane Nor meiner dei skal takle betre dei store trykket rundt rushtider dei fyrste vekene før folk flest går ut i ferie i år.

Forbetringa i år er at me har ein stad nede ved Tangenkaia (Drammen), der me har rask tilgang til bussar inn i rushtrafikken. Det er bussar utanom trafikkbilde, som me får inn når me treng dei, seier Ola Kollerud i Vy.

Grunnen til at Bane Nor stadig stenger Østfoldbanen og Lieråsen tunnelen for trafikk er vedlikehaldsarbeid. Toga skal bli meir punktleg når arbeida er ferdig i 2021.

– Me er ikkje fornøgd med punktligheiten og det omfanget av feil som rører ved dei togreisande på Austlandet i dag. Det er derfor heilt nødvendig å fornye og halde ved like jernbanen. Arbeidet denne sommaren skal bidra til betre punktlegheit og færre feil på sporet, seier infrastrukturdirektør Vibeke Aarnes i Bane Nor i ei pressemelding.

Her blir det også buss for tog i sommar:

Gjøvikbanen:

  • Veke 21: Måndag-fredag kl. 09–1530. Gjøvikbanen mellom Roa og Jaren
  • Laurdag 25.5 kl. 01–søndag 26.5 kl. 11 Gjøvikbanen Oslo S-Gjøvik

Dovrebanen:

  • Veke 21: Laurdag 25.5 kl. 02–måndag 27.5 kl. 07 Eidsvoll-Trondheim

Nordlandsbanen:

  • Veke 21: Laurdag 25.5 kl. 02–måndag 27.5 kl. 07 Trondheim-Lilleby/Leangen.
Buss for tog

Frå 22. juni kjem dette skiltet opp igjen på mange togstasjonar rundt Oslo.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix