Fakta
To britiske flyselskap skulle komande vinter saman med det nystarta norske flyselskapet Norwegian flyge i overkant av 8000 britiske skituristar til Geilo Lufthavn Dagali.
No melder Norwegian at ruta Newcastle-Geilo er nedlagt før ho har starta opp. Det aleine betyr 1200 færre passasjerar til Dagali. I tillegg nektar British Airways å lande på den snødekte 1800 meters flystripa i Dagali med sitt nye charterfly.
Geilo Lufthavn Dagali
Andrew Dolson i BA seier til NRK Buskerud at det ikkje var rekningsvarande å setja inn eit anna fly på dei få charterturane til Geilo, difor vart alle kansellert.
Dette betyr omlag 3000 charterturistar i minus for den nedleggingstruga flyplassen. Men styreformann Bjørn Nagelgaard trur det skal dukke opp ei løysing i siste liten, for dei britiske turoperatørane jobbar under høgtrykk.
Det er synd dersom dei britiske skituristane landar på Fagernes Lufthavn Leirin i staden for på Geilo Lufthavn Dagali, men det får ingen betydning for turisttrafikken på Geilo til vinteren. Britane har bestilt lang tid på førehand, seier Nagelgaard.
Turistsjef på Geilo, Einar Øyo.
Turistsjef på Geilo Einar Øyo trur ikkje kanselleringane på Dagali vil innverke på den aukande britiske turisttrafikken i Øvre Buskerud, i alle høve ikkje denne vinteren.
Men for flyplassen vår er det synd dersom talet på britiske flypassasjerar blir halvert, seier Einar Øyo.
Dagleg leiar på Geilo Lufthavn Dagali, Aslak Pålgard vil ikkje seie noko om dei komande kanselleringane, men er oppteken av å få til ei ny flyrute til Dagali, sjølv om denne ikkje automatisk vil koma med britiske skituristar om bord.