Hopp til innhold

Gjennomførte massedrap – klaga over lita rift i fingeren

Politimennene som pågreip Anders Behring Breivik reagerte på at han ba om eit plaster som noko av det første han sa etter å ha blitt avvæpna.

Beredskapstroppen i bunnen av trappa ved Hovedhuset på Utøya 22. juli

Polititenestemenn frå Nordre Buskerud og Beredskapstroppen frå Oslo deltok i pågripinga av gjerningsmannen på Utøya. Her er nokre av politifolka fotografterte frå lufta like ved Hovedhuset og brygga den 22. juli.

Foto: Marius Arnesen / NRK

Etter å ha gjennomført det mest brutale massedrapet i nyare norsk historie klaga gjerningsmannen over ei lita rift i ein finger, og ba om eit plaster.

NRK kjenner til det som skjedde dei aller første minutta etter at gjerningsmannen overgav seg til politiet ein gong mellom klokka 18.27 og 18.35 den 22. juli.

Det er frå tidlegare kjent at Anders Behring Breivik sa at han ikkje såg på politiet som fienden, dei var brør. Han sa at Arbeidarpartiet var målet.

Les også: – Han sto foran oss med armene ut til siden og hadde kastet våpenet
Les også: – Et tidels sekund fra å skyte ham

Massedrapsmannen truga så med at det eksisterte ei terrorcelle som enno ikkje hadde gjennomført sin plan. Då skulle det bli helvete.

Beredskapstroppen på vei sørover på Utøya 22. juli

Ein tropp med væpna politifolk høyrde og såg skot på sørsida av øya, og la på sprang mot gjerningsmannen.

Foto: Marius Arnesen / NRK

NRK kjenner til innhaldet i avhør av gjerningsmannen og politirapportar etter pågripinga av han.

Les alt om: Terrorangrepene 22. juli
Sjå interaktiv grafikk: Kart, bilder og video fra Utøya

Behring Breivik nekta å seie stort meir. Iallfall ikkje før politiet hadde innfridd fleire krav han skulle kome med. Desse krava er seinare kjente som at blant anna kongehuset skal abdisere og regjeringa må gå av.

Politifolk reagerte

Då politiet heldt Behring Breivik på Utøya over natta, fram til området var sikra på morgonkvisten 23. juli, hadde likevel tre etterforskarar dialog med han for å få ut mest mogleg informasjon om terroraksjonane. Desse avhøra blei gjennomførte i det kvite hovudhuset.

Det skapte reaksjonar blant tenestemennene som pågreip han, og blant andre politifolk i ettertid, at han brukte tid på å snakke om ein slik bagatell rett etter pågripinga.

Etter å ha avretta 69 ungdommar og vaksne i løpet av ein time på Utøya 22. juli, klagar terroristen over eit sår på fingeren, og ber om å få eit plaster.

Han seier han har smerter i såret.

Utøya - pågripelsesstedet

Her i eit skogholt sør på øya vart Behring Breivik pågripen.

Foto: Øyvind Bye Skille / NRK

Massedrapsmannen fortel politiet at han ikkje veit når han fekk såret men at han merka at han blødde frå fingeren på veg vekk frå teltleiren. I seinare avhør har Behring Breivik sagt at han trur det kan ha vore ein rikosjett frå då han skaut rundt seg.

NRK kjenner til at Behring Breiviks fokus på såret på sin eigen finger blei oppfatta som så spesielt at det blei nemnt i rapportane frå pågripinga. Og på politistasjonen i Hønefoss har det blitt snakka om i ettertid.

Nordre Buskerud Politidistrikt ønskjer ikkje å kommentere denne saken overfor NRK.

Les også: – Det var ingen andre levende igjen på øya enn oss

Flere nyheter fra NRK Buskerud

Følg sørgegudstjenesten i Torpo kirke her