Hopp til innhold

Bolt tapte løpsduell mot Godset-spiss

DRAMMEN (NRK): «Mos» Abdellaoue meiner Usain Bolt har snudd den negative stemninga i laget. Sjølv såg han sin sjanse til å slå Bolt i løpsduell på dagens trening.

Mos, Bolt og Parr

Usain Bolt og store delar av Godset-laget avslutta fredagens trening med ein spurtduell på banen. Bolt kom ikkje fyrst i mål.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

– Det er fint å ha på CV-en det, å ha slått Usain Bolt i løping.

Mostafa Abdelloue gliser når han fortel om avslutninga av dagens Godset-trening.

Like høg toppfart

Etter ein god økt i varmen stilte alle spelarane seg opp på linje, saman med denne vekas prøvespelar, Usain Bolt.

Det blei ingen knusande siger til jamaicanaren som me helst er van med å sjå han.

– Eg slo han og er ganske så fornøgd med det, flirer «Mos» og innrømmer at han kanskje starte nokre tidelar før Bolt.

Sliten Usain Bolt

Fleire dagar med fotballtrening har tært på kroppen til Usain Bolt. Nå blir det kvile i helga før trening måndag og kamp tysdag.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

Mens Bolt la seg rett ned etter målgangen, sprang lagkompis Jonathan Parr rett bort til datamaskinen som viste toppfarta til duellantane. Der såg han at toppfarta var like høg som Bolt.

Bolt har snudd stemninga i laget

Bolt såg ikkje til å bry seg nemneverdig om tapet, og spøkte med sine nye lagkameratar. Det var tydeleg å sjå at han trivst som ein del av laget.

– Han er ein utruleg fin fyr og ein humørspreiar. Ein god fotballspelar også, og han har scort eit par fine mål, fortel «Mos».

Strømsgodset har slite tungt denne sesongen og hadde seks kampar utan siger og tre strake tap før sigeren mot jumbolaget Sandefjord sist helg. Godset-spissen meiner Bolt-besøket har gjort noko med stemninga i laget.

Bolt trenar

Usain Bolt har trent tre dagar med Strømsgodset og har også trent med juniorlaget. Det har gjeve klubben mykje positiv energi.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

– Det har vore herleg at han har tatt fokuset. Det er perfekt for oss i den situasjonen me er. Det er berre positivt å få ein slik energi rundt laget, seier Abdelloue som kom til Drammen før sesongen.

Kan imponere i treningskamp

Tysdag spelar Strømsgodset treningskamp mot G19-landslaget. Da er planen at Bolt får speletid. «Mos» trur han kan vise seg godt fram.

– Han kan fort score han. Om han spelar må me berre bruke bakrommet. Han kan fort kome aleine med keeper. Så får me sjå om han sett ballen inn eller ikkje.

Bolt prøvar seg på finte

Usain Bolt har vist enkelte glimt av fotballferdigheiter under treningane med Strømsgodset.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

I helga får jamaicanaren kvile frå fotballen før han er klar igjen til trening tysdag. Kor mykje speletid han får i treningskampen avhenger av korleis beina hans er etter fire dagar med uvant fotballtrening.