Hopp til innhold

Bøkko satsar vidare: Avviser ikkje Beijing-OL

GEILO/DRAMMEN (NRK): Håvard Bøkko satsar mot allround-VM neste år. Da meiner NRKs skøyteekspert at han må roe ned skikøyringa.

Bøkko heime med gullmedaljen på Geilo

Ein gullmedalje har sjeldan vore meir fortent, meinte mange da Håvard Bøkko tok gullet på lagtempoen saman med Sverre Lunde Pedersen, Simen Spieler Nilsen og Sindre Henriksen.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

– Akkurat nå er det veldig gøy å vere skøyteløpar. Eg må nesten prøve iallfall eit år til.

Håvard Bøkko er tilbake i leilegheita på Kikut i Geilo. Endeleg kunne han ta med ein gullmedalje heim frå eit OL.

Ein medalje ikkje berre skøyte-Noreg unna han.

Bøkko heime etter OL

Vel heime i leilegheita på Kikut i Geilo roar Håvard Bøkko ned før han reiser til Stavanger for å førebu seg til VM-allround i Amsterdam.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

Droppar skisaltoar

– Mobilen gjekk ganske varm eigentleg. Det rann inn med meldingar frå folk som seier det er fortent og moro. For min del har det ofte vore marginar på feil side i OL og store meisterskap. Trur folk sat pris på at det endeleg gjekk nå, smiler han.

I fjor på same tid var Bøkko i full gang med opptreninga etter ein sesong borte frå sporten. Men i påska gjekk det gale. Ein salto med ski på beina førte til ankelbrot og fleire operasjonar.

Nå blir det viktigaste å halde seg skadefri i oppkøyringa til ein ny sesong.

– Det blir ikkje salto i år, eg får halde meg til 360, flirer 31-åringen.

– Eg håpar å få ein problemfri sommar. Eg kjenner progresjon frå veke til veke, og får til gode skøyteløp av og til. Eg trur det skal vere mogleg å få til nokre gode sesongar til.

Må ta smarte val

NRKs skøyteekspert Even Wetten har trua på at Bøkko har meir igjen, om han held seg unna skader og kanskje også twintip-skia.

– Han har jo vist at han kan kome tilbake på eit veldig høgt nivå. Viss han tek innover seg alderen og det som krevjast av smarte val er eg trygg på at han kan gå gode løp. Men han må kanskje roe litt ned på twintip køyringa og ikkje vere like leiken, seier Wetten.

– Om han held seg skadefri er det ingen grunn til at Håvard ikkje kan kjempe om medalje i allround-VM neste år. Eg er meir skeptisk om kan utvikle seg nok til å henge med på individuelle distansar.

Even Wetten

NRKs skøyteekspert trur ikkje Håvard Bøkko er ferdig på toppnivå.

Foto: Anne Liv Ekroll / NRK

Avviser ikkje nytt OL

Bøkko innrømmer at han drøymer om å ta ein ny medalje i allround-VM som han ikkje har gjort sidan VM på Hamar i 2013.

– Det hadde vore ein stor draum det. Det er allround som er greia mi. Eg treng ein god sommar og eit betre grunnlag. Så skal eg gjere mitt for det.

Håvard Bøkko

Håvard Bøkko under medaljesemonien i Sør-Korea.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Og hallingdølen avviser ikkje at det kan bli eit nytt OL.

– Det er litt langt fram, men eg synest ikkje det er lenge sidan Sotsji. Tida går veldig fort da, me får berre sjå.

Fyrst er det VM allround i Amsterdam 9–11. mars.