Hopp til innhold

Blir thrillerval på idrettstinget

Det blir eit spennande val på ny idrettspresident på idrettstinget i Skien. Så langt har Tove Paule sikra seg 72 røyster før valet søndag morgon.

Tove Paule og bedriftsidrettsforbundet
Foto: Picasa 2.6 / NRK

Bedriftsidrettsforbundet seier nå at dei vil støtte Tove Paule som kandidat til ny idrettspresident.

- Med Tove Paule og Odd-Roar Thorsen får vi den beste idrettspolitikken, seier Berit Glesaaen Nyberg i Bedriftsidrettsforbundet til NRK.

Dermed kan Tove Paule ha sikra seg fire viktige røyster framfor valet i morgo.

Bedriftsidrettsforbundet er blant dei som ønskjer Tove Paule som idrettspresident og Odd-Roar Thorsen som visepresident.

Går mot eit thrillerval

Dermed kan det sjå ut til å bli eit spennnande val på ny idrettspresident søndag.

 

 

 

 

Roald Bergsaker på idrettstinget
Foto: Ragnar Lurås / NRK

Mange trur presidentvalet kjem til å stå mellom Roald Bergsaker som har støtte frå 44 særforbund og Tove Paule frå Drammen.

Paule har truleg sikra seg 65 røyster frå krinsane laurdag før valet.

I tillegg får Paule 4 røyster frå Bedriftsidrettsforbundet, 2 røyster frå Norges gymnastikk- og Turnforbund som er Paule sitt forbund og ei røyst frå Norges Cycleforbund.

Til saman blir det 72 røyster ein dag før valet. Det vil truleg vere mellom 160 og 163 med røysterett på idrettstinget sundag morgon.