Hopp til innhold

Bjørnstad tok 3 VM-medaljar på 3 forsøk: – Kan bli fleire

Andreas Bjørnstad trassa vanskeleg opplading, høgda og utsetting av VM best av alle. Nå kan 21-åringen endeleg kalle seg verdsmeister.

Andreas Bjørnstad med gull og sølv i Para-VM i Svømming

Andreas Bjørnstad tok gull på 400 meter fri, sølv på 100 meter bryst og bronse på 100 meter fri under VM i parasvømming i helga.

Foto: Privat

– Det her er over all forventing. Eg kan ikkje klage på dette, ler Bjørnstad.

Han har akkurat stått opp som verdsmeister for aller fyrste gong i millionbyen Mexico City. 20-åringen frå Svelvik som blei landskjent etter å ha tatt bronsemedalje i Paralympics i fjor, hadde sett seg tre mål for VM i parasvømming.

Andreas Bjørnstad

20-åringen fortel han ofte har blitt kjent igjen på gata etter medaljen i Paralympics sist haust.

Foto: Caroline Dokken Wendelborg / NIF

Fordel med over 2000 meters høgde

Han ville ta gull på 400 meter fri, medalje på 100 meter bryst og perse på 100 meter fri.

Når meisterskapet berre har kome halvvegs har han klarte alle måla og meir til.

Då han slo inn som tredjemann på 100 meter fri og tok sin fyrste medalje skjønte han ingenting.

– Eg var ranka sist av dei som var med, men tenkte eg berre skulle gå for det. Planen var å kline til dei siste 35 metrane for da stivnar mange her oppe i høgda. Eg såg ikkje at eg var nummer tre då eg slo inn, og plutseleg såg eg at eg hadde tatt bronsen med seks hundredelar.

Andreas Bjørnstad med gull og sølv i Para-VM i Svømming

Målet var gull og ein medalje, det klarte Andreas Bjørnstad med glans.

Foto: Privat

Seinare på dagen blei det sølv på 100 meter bryst. Søndag var det ingen som klarte å matche uthaldenheiten til Bjørnstad på 400 meter fri.

Høgda på 2250 meter over havet i Mexico har skremt mange, men svømmaren frå Drammen Svømmeklubb har berre sett på høgda som ein fordel.

– Eg sette meg mål om gull her etter Rio sidan eg visste VM skulle vere i høgda. Kapasiteten min er god difor har eg ein fordel her oppe.

VM blei utsett av jordskjelvet

Det er ikkje berre høgda som har vore ei utfordring for Bjørnstad. Det siste året etter gjennombrotet i Paralympics i Rio har vore prega av mykje sjukdom og skader.

Heilt til nokre veker før VM gjekk han på antibiotikakur.

– Kanskje det var positivt og gav meg overskot.

Andreas Bjørnstad

Etter å ha blitt verdsmeister satsar Andreas Bjørnstad alt på å ta gull i Paralympics i Tokyo i 2020.

Foto: Idrettsforbundet

Tidlegare i haust var han usikker på om han i det heile tatt fekk kjempa om gullmedaljen han har trent for det siste året.

Det store jordskjelvet i Mexico gjorde at arrangørane måtte avlyse meisterskapet i september, som Bjørnstad hadde lagt inn formtoppen til.

Svømmaren trudde det ikkje kom til å bli VM før våren 2018, men har tydelegvis klart å finne forma sjølv når meisterskapet kom meir plutseleg enn venta.

– Eg er i veldig form her oppe. Det kan vere moglegheiter for medalje på 200 meter medley også.

Bjørnstad har igjen 50 meter butterfly tysdag og 200 meter butterfly torsdag før han reiser heim til Noreg med nye medaljar til samlinga.

Flere nyheter fra NRK Buskerud