NRK Meny

Bjørnstad sist trass pers

Andreas Bjørnstad sette norsk rekord med over eitt sekund og fekk tida 34,77, men vart likevel sist i sitt forsøksheat på 50 m butterfly. Han blei nummer 13 totalt, og det blir derfor ingen finale for Bjørnstad. – Eg er veldig fornøgd med tida, seier Bjørnstad til NRK, som har sine beste distansar igjen. I morgon skal han symje 200 m medley.

Andreas Bjørnstad
Foto: Caroline Dokken Wendelborg/ NIF