Hopp til innhold

Biltjuv køyrde av vegen

Ein personbil vart forsøkt stjolen frå parkeringsplassen ved Konnerudsenteret i Drammen i ettermiddag. Køyreturen enda i eit parkeringsskilt etter få hundre meter.

Biltyveri Konnerud

Biltjuven som forsøkte å stele ein personbil frå Konnerudsenteret parkerte ufrivillig i grøfta etter få hundre meter.

Foto: Anders Nielsen / NRK

Biltjuven vart sett springande vekk frå bilen etter køyreturen som vart særs kort.

Operasjonsleiar Rune Hunsamar ved Søndre Buskerud politidistrikt seier ei hundepatrulje søkte etter den noko mislukka biltjuven, men utan resultat.

– Vi ber folk som kan ha tips om biltjuveriet om å ta kontakt, seier han.

Bilen som vart stjole stod ulåst og med nøklane i. Køyreturen enda i grøfta ved utkøyringa frå senteret.

– Vi må minne folk om at det kan føre til avkorting av forsikringsoppgjeret dersom ein forlèt bilen med nøklane i tenninga, seier Hundsamar.