Hopp til innhold

– Det er best å betale

Sjølv om parkeringsvaktane streikar, burde det gi mang ein bilist moglegheita til spare ei krone eller to. Eller?

Parkeringslapper

Ikkje nokon tvil om at sjåføren av denne bilen er lovtru.

Foto: Idar Krogstad / NRK

Claus Mølbach-Thellefsen

Claus Mølbach-Thellefsen er daglig leiar i Drammen Parkering KF.

Foto: Idar Krogstad / NRK

Politikarane i Drammen ønsker at byen skal bli bilfri. Det er eit strengt regime rundt det å ta med bilen inn til sentrum.

Men i desse dagar sitt dei som skal sørge for at vi parkerer lovlig streikevakt ein heilt annan stad.

Kontrollerer færre

Ved den kommunale bedrifta Drammen Parkering er dei aller fleste parkeringsvaktene i streik.

– Vi vil ikkje offentliggjere kor mange parkeringsvakter som vanlegvis er på jobb, men det er klart at vi kontrollerer færre parkerte bilar no når det er streik, seier dagleg leiar i Drammen Parkering KF, Claus Mølbach-Thellefsen.

Det kommunale parkeringsselskapet har nokre få uorganiserte parkeringsvakter og er difor ute for å sjekke betalingsviljen blant bilistane kvar dag.

(Artikkelen fortsetjer under bilete)

Kristin Magnor

– Plutselig er streiken over, parkeringsvaktene har fått dobbel lønn og så springer de glade og fornøyde ut i gatene for å ta igjen det tapte, seier Kristin Magnor.

Foto: Idar Krogstad / NRK

Les også:

– Plutselig er streiken over

I sentrum står Kristin Magnor og Sigrun Bjerve og klør seg i hovudet.

– Vi bør vel betale uansett? Plutselig er streiken over, parkeringsvaktene har fått dobbel lønn og så springer de glade og fornøyde ut i gatene for å ta igjen det tapte. Nei, det er best å betale!

I samme gate kan vi sjå mang ei bilrute fri for bevis på lovleg parkering.

I andreetasjen hos Drammen Parkering står kontora tomme. Den største konsekvensen av streiken er at søknader om parkeringsdispensasjoner og handikapkort ikkje blir handsama.

John W. Olsen

John W. Olsen betalar parkeringsavgifta.

Foto: Idar Krogstad / NRK

Det er altså ingen som får svar på spørsmåla sine i desse dagar.

Les også: Nye møter i løpet av dagen

Alt om lønnsoppgjøret

Lovtru

Ved bilen sin står John W. Olsen klar til å køyre vidare.

– Sjølv om det var ingen som sjekka parkeringskvitteringa mi i det heile tatt så ville eg betalt uansett. Kommunen skal ha sine inntekter, og det er bra at det blir haldt et minimum av orden i parkeringa, seier han.

Nordmenn er i det store og heile eit lovtru folk.