Bergdølmo nære kontrakt

André Bergdølmo kan bli Strømsgodsetspelar om kort tid.

André Bergdølmo
Foto: Heidi Elisabeth Odde / NRK

Det er berre få detaljar som står att før André Bergdølmo kan signere kontrakt med Strømsgodset.

Måndag følgde han treningskampen mot Skeid med stor interesse.  

Må bli samde

- Strømsgodset er ein god klubb med flinke folk, og som det osar entusiasme av. Det er ein interessant klubb, seier Bergdølmo.

For tida spelar André Bergdølmo for København, men nå er han altså aktuell for Strømsgodset.

Bergdølmo seier det er to klubbar og ein spelar som må bli samde før overgangen er i orden.

Kan bli nøkkelspelar

Sportssjef i Strømsgodset, Jostein Flo, trur Bergdølmo kan bli ein nøkkelspelar for klubben.

Bergdølmo vil ikkje kommentere kva som står att før kontrakten kan skrivast.

Men han understreka at det er fleire som må bli einige.