Ber om sju og eit halvt års fengsel for Martines dagmamma

Aktor meiner dagmammaen mista kontrollen over seg sjølv og rista den 13 månader gamle jenta mot eit hardt underlag.

Martine

13 månedar gamle Martine frå Hole døydde i 2006.

Foto: Privat

I sitt avslutningsføredrag la i dag aktor Marit Formo fram bevisførselen i Ringerike tingrett.

Formo sa at ho meinte det er bevist utover ein kvar tvil at det er tiltalte som påførte Martine skadane, ifølge Ringerikes blad som omtalte saka fyrst.

Særdeles skjerpa omstende

Aktor viste til dei sakkunnige som har forklart i retten at jentas alvorlege skader må vere påført av ein vaksen.

Statsadvokat Marit Formo i Sandefjord tingrett.

Statsadvokat Marit Formo la ned påstand i Ringerike tingrett i dag.

Foto: Anne Melsom Bjerke / NRK

Formo la ned påstand om at dagmammaen blir dømt til fengsel i sju år og seks månader for vald som førte til at barnet døydde under særdels skjerpa omstende.

Jenta hadde omfattande hovudskader da ho kom til sjukehuset etter å ha vore hos dagmammaen, mellom anna brot i bakhovudet og nakke. Ho døydde på Rikshospitalet fire dagar seinare.

Nektar straffskuld

Kvinna i slutten av 40-åra har heilt sidan jenta frå Hole døydde i 2006, nekta for å ha vore valdeleg mot eittåringen ho passa. I 2009 blei saka mot henne lagt bort, men etter at Cold Case-gruppa gjennomgjekk saka på nytt, kom ho på tiltalebenken.

– Me meiner ikkje at ho har hatt til hensikt, eller ynskte, å skade Martine. Tiltalte er glad i barn, eigne og andre sine, men det betyr ikkje at ein ikkje i gitte situasjonar kan miste kontrollen over seg sjølv, sa Formo ifølgje Ringerikes blad.

Den tiltalte kvinna nektar framleis for straffskuld.

Fredag er det tiltales advokat, Thomas Randby, som held sin prosedyre.