NRK Meny

Bekymra for pasienttryggleiken

Pasientombodet i Buskerud seier at det er kommunane sitt ansvar å ha nok kompetent personale på plass. Tidlegare denne veka fortalde leiar i Sjukepleiarforbundet i Buskerud at dei ikkje kunne garantere for pasienttryggleiken i sommar på grunn av for dårleg bemanning, og fordi pleiarane var blitt henta inn frå land med for dårleg norskopplæring. Seniorrådgivar hos pasientombodet i Buskerud, Marianne Thorrud, seier at kommunane sjølv må vurdere om det er forsvarleg.