Hopp til innhold

Åtvara mot mediedekninga: – Kan påverke retten

Den tiltalte kvinnas forsvarar starta forsvaret med å åtvare retten mot mediedekninga. – Ver forsiktig med det ein har høyrt, sa forsvarar Lars Christian Sunde.

Forsvarar Lars Christian Sunde i prat med aktoratet

Lars Christian Sunde la vekt på granskingsrapporten av Drammen kommune frå Deloitte og at den tiltalte kvinna meiner ho fekk betalt for arkitekttenester i oppdraga der ho er tiltalt for korrupsjon.

Foto: Gjermund Midtbø / NRK

Den store korrupsjonssaka i Drammen kommune gjekk over til forsvaret av dei to tiltalte på sin andre dag. Ei sak som har hatt ei massiv mediedekning heilt frå ei av dei to tiltalte blei pågripen 15. januar 2016.

– Meir mediedekning enn dei fleste saker

Akkurat den dekninga la forsvarar for den 59-år gamle kvinna som er tiltalt for grov korrupsjon og for å ha tatt imot nærmare 1,2 millionar kroner i bestikkingar, vekt på da han starta forsvaret.

Korrupsjonssaken i Drammen

Den 59 år gamle kvinna er tiltalt for å ha tatt imot nær 1,2 millionar kroner i bestikkingar.

Foto: Bjørn Olav Nordahl / NRK

NRK Brennpunkt hadde mellom ein stor dokumentar om saka.

– Dette er ein sak som har vore meir i media enn dei fleste saker. Klienten min har blitt stått fram med både namn og bilete i aviser heilt sidan ho blei pågripen. Eg vil oppmode om at ein er forsiktig med ting ein har høyrt frå før, sa Sunde.

Overfor NRK utdjupar han.

– Slik massiv dekning kan påverke retten. Det har vore stor personleg merksemd på den tiltalte, mellom anna ein dokumentarfilm medan ho var i varetekt. Eg ynskte å åtvare mot dette og at retten må sjå heilt bort ifrå det ein har høyrt før, seier Sunde.

Forsvarar

I morgon er det klienten til Lars Christian Sunde og Mette-Julie Sundby, den 59-år gamle tiltalte tidlegare saksbehandlaren som skal forklare seg.

Foto: Gjermund Midtbø / NRK

Brukar granskingsrapporten av kommunen

Forsvararen til den tiltalte kvinnelege byggjesaksbehandlaren la i dag fram korleis den tiltalte skal forklare seg.

Striden vil stå om ho har tatt imot pengar for arkitektarbeid, og ikkje vedtak i byggjesaker.

– Partane er einige om at tiltalte har tatt på seg oppdrag som arkitekt utanfor kommunen. Dette er arbeid som er lovleg i utgangspunktet, som ikkje har noko med jobben som saksbehandlar å gjere, seier Sunde.

Overraska aktor

Påtalemyndigheita vil legge fram bevis som dei meiner viser at den tiltalte har tatt imot pengar, ikkje berre for å teikne som arkitekt, men for å godkjenne byggjesaker.

Bevisa er blant anna telefonsamtalar der den tiltalte kvinna innrømmer korrupsjon i samtale med systera si. I går sa den tiltalte kvinna nei på alle dei 50 punkta ho er tiltalt for.

Det overraska aktor.

– Me er overraska over at dei tiltalte ikkje erkjenner skuld i det heile. Særleg med tanke på bevisa me har som tilseier at det blir ein domfelling, seier aktor Anne Christine Stoltz Wennersten.

Forsvarar Lars Christian Sunde la også granskingsrapporten av plan og bygningsetaten i Drammen kommune til grunn for korleis den tiltalte kvinna skal forklare seg.

– Me meiner at rapporten frå Deloitte illustrerer at det var ein del å utsette på regelforståinga og praksisen i kommunen. Det kan forklare dei manglane som vedtaka klienten min er tiltalt for, lid av, seier Sunde.

I morgon skal den 59-år gammal kvinna forklare seg for retten. Ho skal etter planen bruke halvanna dag før den 46-år gamle mannlege kollegaen slepp til.