Asiatiske turistar forstår ikkje norske toalett

FLÅ (NRK): Fotspor på doringen og brukt dopapir over heile toalettet. Fleire turistdestinasjonar i Hallingdal har sett seg nøydd til å setje opp skilt for å vise korleis ein brukar norske toalett.

Toalettskilt på Flå

Kjartan Sævre, driftssjef ved Bjørneparken hotell og kjøpesenter forstår at turistar frå andre kulturar kan misforstå, difor har dei sett opp skilt på dei offentlege toaletta.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

– Det er om å gjere å prøve og få dei til å forstå at ein skal sitte på toalettet og ikkje stå på ringen.

Kjartan Sævre viser oss skilta dei såg seg nøydd til å henge opp på Bjørneparken kjøpesenter i Flå. Det er litt humor i teikningane som viser korleis ein ikkje skal gå på do, men det ligg også litt alvor i det.

Toalettreglar

På toalettet ved Amfi kjøpesenter på Geilo har dei også sett opp skilt.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

Sævre er driftssjef på kjøpesenteret og hotellet og har sett mange grisete toalett etter at dei mange turistbussane har stoppa i bygda. Ressursane på reinhald blitt auka betrakteleg.

Tør ikkje uttale seg – redd for å miste turistar

Fotspor på doringen og brukt dopapir over heile toalettet er to stikkord.

– Me er veldig glade for å ha dei her, men det er nok asiatane som grisar mest. Dei er kanskje ikkje van med at toalettpapiret skal i do og det hender toalettpapiret blir lagt på golvet i staden eller me ser fotavtrykk på doskåla. Det krev sitt av ettersyn for å halde det i orden, seier Sævre som understrekar at han forstår at det er store kulturskilnadar.

Do i flå

Eit tilgrisa toalett ved Amfi kjøpesenter på Geilo.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

Også kjøpesenteret på Geilo har dei hengt opp eit liknande skilt. Fleire turistverksemder NRK har vore i kontakt med,fortel om dei same toalettproblema frå asiatiske turistar.

Mange tør ikkje uttale seg fordi dei er redde for å miste dei asiatiske turistane som har auka i stort omfang dei siste åra.

Toalettskilt på Flå

På toalettet på Bjørneparken har dei også hengt opp ein lapp på kinesisk. Der står det "ver snill å putt dopapir i toalettet – takk!".

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

Ikkje van med moderne toalett

Dansk-kinesiske Meng Xao har vore guide for kinesiske turistar i Noreg sidan 1996. Han erkjenner at det er eit problem og fortel at det er fleire og fleire nyrike kinesarar frå distriktet som har begynt å feriere i Noreg dei siste åra.

– Turistar frå provinsielle delar av Kina er ikkje heilt vant til moderne toalett. Der dei kjem frå i Kina er det som regel primitive toalett, fortel Xao.

Xu frå Shanghai

I høgsesongen kan det stoppe 20 bussar på ein halv time i den vesle bygda ved inngangen til Hallingdal. Dei siste åra har kinesarar og asiatarar blitt i fleirtal.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

Xu frå Shanghai er ei av mange turistar som står i dokø utanfor eit offentleg toalett langs riksveg 7 ikkje langt frå Geilo. Ho fortel at toaletta i Noreg er mykje reinare enn det ho er van med.

– Det har blitt betre den siste tida i Kina. Men me er for mange folk, nokre gonger er det ikkje så reint som her, seier Xu.

Viktig med informasjon

Kommunikasjonsdirektør i NHO Reiseliv, Merete Habberstad synest toalettskilta på kinesisk er ein god ide.

– Det handlar om å legge til rette for god informasjon når me får nye marknadar med turistar frå andre delar andre av verda. Kanskje tek det litt tid før turistar forstår og legg om vanane sine, seier Habberstad som ikkje er kjent med at det skal vere eit stor problem rundt om i turist-Noreg.