Hopp til innhold

Anmelder tidlegare tilsett for mogleg underslag

Lier ASVO melder ein tidlegare leiar for underslag til politiet. Det var i samband med revisjon at bedrifta, som sysselsett personar med spesielle behov, oppdaga det dei meiner er eit mogleg underslag på over fem millionar kroner.

– Under gjennomgang av rekneskapen for 2014 fann vi at eit uttak på 125.000 kroner mangla dokumentasjon, seier dagleg leiar i Lier ASVO Svein Marfi.

Då revisjonsselskapet Ernst & Young sette i gang ei gransking avdekka den eit mogleg underslag på om lag 5,1 millionar kroner. Ein tidlegare leiar er mistenkt for å ha gjennomført dette.

– No er det opp til politiet å etterforske om dette handlar om underslag. Men vi er temmeleg sikre på at noko ulovleg har skjedd, seier Marfi.

Påverkar ikkje drifta

Lier ASVO gir arbeidstrening til blant andre menneske med funksjonshemmingar. Det er Lier kommune som eig bedrifta. Den daglege leiaren seier det moglege underslaget ikkje kjem til å påverke drifta eller dei tilsette.

– Vi har stramma inn rutinane våre og jobbar med å forbetre systemet slik at det ikkje skal vere mogleg å gjere underslag, seier Marfi.

Dei ordinære tilsette er varsla om at saka er meldt til lensmannen i Lier i dag, og alle som jobbar i bedrifta får ei orientering tysdag morgon.