Fakta
Søderholm vert ikkje overraska om det kjem fleire eksklusjonar.
Dei to var mellom dei som blei ekskludert eller suspendert tidlegare i vinter.
Leiinga i fylkespartiet avviser at det føreligg nokon ny liste for eksklusjon, men i følgje Drammens Tidende kan det ligge an til fleire utrenskningar frå Buskerud Framstegsparti.
Søderholm bekrefter overfor NRK at det går fleire rykter om nye eksklusjonar i partiet.
Ho seier også at ho har hatt møter med fleire andre ekskluderte, mellom anna Jan Simonsen.
Søderholm vil ikkje kommentere innhaldet i desse møta.