NRK Meny
Normal

«Bygge-boom» i Noreg

Bygg – og anleggsbransjen aukar kraftig i omsetning i heile landet, og mest av alt i Buskerud.

Byggeplass

Så langt i år har det vore ei auke i omsetninga i bygg- og anleggsbransjen på heile 9 prosent samanlikna med same tid i fjor.

Foto: Ellen Omland / NRK

– Eg tenker at dersom eg får fagbrev som betongarbeidar, så er det gode moglegheiter for å få seg ein jobb, seier Arvin Arami som går betongfag.

Klassekameratane Arvin Arami og Emil Jonsli går i 2. klasse på betongfag på Åssiden vidaregåande skule i Drammen. Det var uaktuelt for gutane å ha ein vanleg ni-til-fem-jobb.

– Eg valte denne lina fordi eg har lyst å bli forskalingssnikkar, og då er dette rette staden å gå, fortel Emil Jonsli.

Arvin Arami og Emil Jonslie

Elevane på Åssiden vgs. er letta over at dei nærmast er garantert jobb etter fullført skulegang.

Foto: Rushda Syed / NRK

Det var bygg.no som omtalte saka fyrst.

Kraftig auke i bygg – og anleggsbransjen

Å enda opp i bygg – og anleggsbransjen kan bli lønsamt. Nye tal frå Statistisk sentralbyrå viser at nettopp denne bransjen aukar kraftig. Så langt i år har det vore ei auke i omsetninga på heile 9 prosent samanlikna med same tid i fjor. Ei slik auke i omsetninga betyr større sjanse for å få seg jobb, og det har Emil Jonsli merka.

– Det er veldig mange prosjekt som blir starta opp, og store prosjekt blant dei største firma. Det er veldig bra!, seier Jonsli.

Buskerud har hatt den største auka i heile landet, på heile 14,4 prosent samanlikna med fjoråret. På landsbasis har bygg – og anleggsnæringa hatt ei omsetning på nesten 134 milliardar kroner.

> Les også: – Høyre er i ferd med å løse lærlingkrisa, sier næringsministeren

– Ei god tid for å få seg jobb i bransjen

Divisjonsdirektør for bygg i BetongmastHærhe, Peter Sandrup, trur veksa kjem av blant anna prosjekt med infrastrukturen i landet.

– Det me ser no er eit resultat av at både bygg- og anleggsverksemda har mykje å gjera. Når det gjeld anlegg er det mange store prosjekt med vegar, jernbane og liknande som er sett i gang. Det er også mykje bustad- og skulebygging, seier Sandrup.

Han legg ikkje skjul på at den kraftige auka kan opne for fleire moglegheiter for jobb i framtida.

Peter Sandrup

Peter Sandrup i BetongmastHærhe meiner at no er den beste tida for å få seg ein jobb innan bygg- og anleggsbransjen.

Foto: PRIVAT

– Tida for å få seg ein jobb innan bygg – og anleggsbransjen er veldig gode no. Me treng flinke hovud og hender, så marknaden for unge og nyutdanna menneske er god. Det gjeld å nytta tilbodet, og få ein attraktiv stilling blant dei firma som tilbyr det, oppfordrar direktøren i Betongmast Hærhe, Peter Sandrup.