NRK Meny
Normal

– Tvilar på at saksbehandlinga er rettferdig

Kommunerevisjonen og eksterne granskarar skal inn i korrupsjonssaka i Drammen. Anti-korrupsjonsorganisasjonen Transparency seier kontrollrutinar i norske kommunar stadig bør betrast.

Byggesaksskilt

Transparency International Norge seier einskilde sakbehandlarar har til dels stor makt i Noreg. Difor er særs strenge rutinar naudsynte. I Drammen er ein kommunetilsett sikta for grov korrupsjon.

Foto: Idar Edvin Krogstad / NRK

– Både internasjonale studiar og undersøkingar som er gjort i Norge viser at byggesektoren er høgt oppe på lista over det som handlar om korrupsjon. Det er nok fordi det ofte er store pengar inne i bildet.

Det seier spesialrådgivar Tor Døvik i anti-korrupsjonsorganisasjonen Transparency International Norge.

Måndag fortalde NRK at politiet har fengsla ein saksbehandlar i Drammen kommune, sikta for grov korrupsjon. Ho skal ha motteke fleire hundre tusen kroner over fleire år for å godkjenne byggjesøknader. Førebels inngår tretti ulike byggjesaker i politiets etterforsking.

– Tvilar på at saksbehandlinga er rettferdig

Døvik fortel at folk som tek kontakt med Transparency ofte lurer på om saksbehandlinga dei har opplevd har gått rett føre seg.

Tor Dølvik

Spesialrådgivar Tor Dølvik i anti-korrupsjonsorganisasjonen Transparency seier det er alt å vinne og ingenting å tape på å stadig betre rutinane og internkontroll, for å unngå korrupsjon i kommunar og bedrifter.

Foto: NRK

– Vi får meldingar som ofte handlar om prosessen rundt byggeløyve. Da lurer folk på kva som er lov og ikkje lov, fordi prosessen verker lite gjennomsiktig. Og i mange norske kommunar sit enkeltpersonar og forvaltar stor myndigheit. Folk kan tvile på deira dømekraft. Dei er då også sårbare for påverknad.

Ein stor undersøking KS gjorde ute i kommunane i Noreg i 2013 viste at 4 av 10 tilsette seier dei kjenner til at nokon i kommunen er tilbode fordelar i ulike situasjonar.

– Det er viktig med opne faglege samtalar i avdelingane, at saksbehandlarar ikkje jobbar med dei same utbyggarane, eller områda i kommunen. Den interne kontrollen bør vere sterk.

Byplansjef i Drammen, Hilde Haslum skriv at førebelse undersøkingar viser at fleire rutinar er brote i korrupsjonssaka.

«Vi har avdekket 5 ulike typer rutine/regelbrudd som er benyttet i de aktuelle sakene. Forfalskning av ledergodkjenning er bare en av dem.»

– Må ikkje vere naive

Sikta i korrupsjonssak i Drammen

Den korrupsjonssikta kvinna jobba med byggjesaker i Drammen kommune. Her melder ho seg til politiet, før ho blir varetektsfengsla.

Foto: Bjørn Olav Nordahl / NRK

Drammen kommune bestilte måndag gjennomgang av rutinar, og vurdering av kvaliteten på desse, frå Buskerud kommunerevisjon. Denne rapporten skal leverast innan 1. juli. I tillegg skal eksterne granskarar inn for å undersøke dei hundrevis av byggjesakene som er behandla i perioden kommunen fryktar ulovlegheiter kan ha skjedd.

Spesialrådgivar Tor Dølvik i Transparency seier han ikkje tar stilling til korrupsjonssaka som er under politietterforsking i Drammen, men at saka uansett viser kor krevjande det blir når det er tvil om lovar, reglar, reguleringsplanar og byggjeforskrifter blir følgt.

– Det viser kostnadane ved slike saker. Det vil gå med utruleg mykje tid og ressursar til å rydde opp, i staden for å jobbe med fagleg utvikling og kaste seg over nye saker som skal handsamast. Kanskje hadde ein unngått dette med betre førebyggande arbeid og kontroll.

– Er det mykje korrupsjon i Noreg?

– Det er nok mindre enn i dei fleste andre land, men vi skal ikkje vere naive og tru at alt er såre vel i landet vårt. Om lag halve befolkninga trur det går føre seg korrupsjon i Noreg. Difor er det viktig at slike saker blir avdekka, seier Dølvik