Hopp til innhold

– Skrantesjuka kan bli katastrofal

Skrantesjuka blant reinsdyr kan få enorme konsekvensar. CWD, som sjukdommen òg vert kalla, gjer at protein i dyras hjerne blir deformert og lagar hol og tomrom. Sjukdommen dukka opp på Nordfjella i fjor. Den frykta dyresjukdommen er å finne mellom Rv 52 på Hemsedalsfjellet og Fv 50 Aurland-Hol. Forskar ved Norsk institutt for naturforsking, Olav Strand, seier at sjukdommen kan skade reinstammen like mykje som atomnedfallet etter Tsjernobyl-ulykka i 1986.

CWD rein Lærdal
Foto: Jan Christian Jerving / NRK