Hopp til innhold

– Det er vel litt latskap i det

Salet av robotgrasklipparar har tatt av i sommar. Idrettsforskar meiner dei som kjøper robotane må passe på å erstatte kvardagsaktiviteten dei mistar med trening.

Ole og robotgrasklippar

TILSKODAR: Ole Fuglerud brukar aldri den gamle grasklipparen han gjekk rundt i hagen med sjølv. Nå kan han heller sitje i ro og sjå graset bli klipt.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

– Eg prøvar å kompensere med ein gåtur med frua kvar dag.

Ole Fuglerud flirer godt mens han ser på robotgrasklipparen gjere jobben i hagen. Da han fyrst kjøpte han, tusla han litt rundt og såg om roboten gjorde jobben sin.

Nå slappar han berre av i godstolen på verandaen.

Ole Fuglestad og robotgrasklippar

FYLGJESVEIN: Ole Fuglerud har gjeve roboten namnet «Alfred» og er svært fornøgd med innkjøpet.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

Mistar viktig kvardagsaktivitet

– Det er ikkje positivt for kvardagsaktiviteten. Me treng den aktiviteten me kan få, seier Eivind Andersen, forskar ved Norges idrettshøgskule.

Eivind Andersen

PASSIVISERANDE: Idrettsforskar Eivind Andersen meiner folk som har robotgrasklippar må hugse på at ein mistar verdifull kvardagsaktivitet ved å ikkje klippe graset sjølv.

Foto: Privat / Privat

Han er langt frå overraska over trenden der robotar tek over enkel kvardagsaktivitet som å klippe graset eller å støvsuge.

– Inst inne ynskjer me å vere i ro og spare energi. Det stammar heilt tilbake til 100 000 av år sidan, der me var nøydde til å spare energi for å overleve. Det er noko som er bygd inne i systemet vårt, forklarer han.

Salet har tatt av

Og tala frå fleire leverandørar NRK har snakka med bekreftar det idrettsforskaren seier.

Felleskjøpet har auka salet med 57 % frå fjoråret. Nordmenn vil gjerne sleppe å gå rundt med grasklipparen for eiga maskin.

– Det har vore bra før, men i sommar har salet av robotgrasklipparar tatt av, seier Øyvind Skatvedt, dagleg leiar i Sigdal maskinforretning.

– Er latskap årsaka til at folk kjøper dei?

– Ja, me blir latare. Folk vil heller sjå på enn å gjere det sjølv. I tillegg sel me til eldre som begynner å slite med å klippe plenen, seier Skatvedt.

16 700 fleire klipparar.

Dagleg leiar i Park- og Hagemaskinleverandørenes forening (PHLF), Svein Gurvin, fortel også at mange kjøpar robotgrasklipparar nå.

– Folk vil dra på stranda å la robotgrasklipparen gjere jobben. Spesielt nå som det er varmt, understrekar Gurvin.

Tal frå PHLF, visar at frå 2015 til 2016 har salet frå leverandørar til dei som sel robotgrasklipparane auka med 16 700.

– Fram til 1. mai i år er det selt rundt 20 tusen robotgrasklipparar frå leverandørane til seljarane, fortel Gurvin.

Kan ikkje stå imot utviklinga

Idrettsforskar Andersen har ikkje tru på ein kan snu utviklinga der manuelt arbeid blir meir og meir fjernt for folk flest. Ein må gjere som Ole Fuglerud, erstatte arbeidet ein ikkje lenger treng å gjere sjølv, med trening.

– Teknologiutviklinga går uansett framover, det er ikkje noko me kan stå i mot. Samtidig vil det jo frigjere tid til å trene. Problemet er vel at mange ikkje trenar, seier han og legg til.

– Det er viktig å tenkje på at me ikkje får all den kvardagsakviteten me fekk gratis før. Om ein ikkje kompenserer det med noko, blir det mykje stillesitjing.