– Lensmannskontora mistar ressursar og politiet samlast på Hønefoss. Då blir det lang responstid for å nå fram til fleire kommunar i Buskerud, seier ordførar i Sigdal Kari Ask (Sp).
Ho snakkar på vegner av fleire kommunar som er uroa for tryggleiken til innbyggarane. Saman med stortingsrepresentant Jenny Klinge vil ho no påverke prosessen med å sentralisere politiet i nordre Buskerud.
– Lokalkunnskapen som lensmannskontora har hatt forsvinn. Dei har hatt alltid hatt ein førebyggande funksjon, dei følger med på det som gjer over tid, seier Ask.
Politikarane skriv:
«Lensmannskontoret i Krødsherad har ikkje politiutdanna, og kontoret i Sigdal har berre lensmann og ein sivilt tilsett. I Sigdal er kontorets opningstid redusert med 10 timer pr. veke. All operativ teneste og etterforsking blir styrt frå Hønefoss. Sigdal er 842 km², har 3530 fastbuande og 4500 hytter fordelt over heile arealet.»
Meiner beredskapen er betre enn før
Politimeister Sissel Hammer ved Nordre Buskerud er slett ikkje einig i at innbyggarane i distriktskommunane har grunn til uro.
– Etter mi oppfatning så har dei ingen grunn til uro. Vi har betre beredskap no enn med den tidlegare organiseringa av politidistriktet. Før måtte vi ringe mannskapet som hadde sovande vakt og vekke dei, før dei kom seg i bilen og køyrde til staden vi skulle rykke ut til. No har vi mannskap på vakt døgnet ut, seier Hammer.
Ho seier at dei rykker ut til fleire mindre hendingar enn det ein gjorde før.
– I tillegg er patruljane ute og køyrer i staden for å sitte inne. Og vi kan sende fleire patruljer enn tidlegare, seier politimeisteren.
Vil stanse sentraliseringa
Politikarane purrar no på Politidirektoratet etter å ha sendt uromelding for eit år sidan. Stortingsrepresentant Jenny Klinge sender no brev til Justisministeren, fordi omstruktureringa i Nordre Buskerud politidistrikt er eit forsøksprosjekt. Og håpet er at dei kan reversere sentraliseringa.
– I andre distrikt, som Nord-Trøndelag, har ein gått tilbake på slik sentralisering, så vi håper regjeringa tek vår uro på alvor, seier Ask.