NRK Meny
Normal

– Må kutte langrenn og skøyteøvingar om Noreg skal søkje OL igjen

Direktøren for det siste store vintermeisterskapet i Noreg meiner me bør søkje vinter-OL igjen, men ikkje før IOC kuttar talet på øvingar.

Weng og Østberg i feltet under 30 km

I Pyeongchang-OL konkurrerte langrennsløparane i seks øvingar og det blei delt ut 12 gull for kvinner og menn. I skøyter blei det konkurrert i 14 øvingar med fellesstarten som heilt ferskt tilskot.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Som den store vinteridrettsnasjonen me er, bør me ta eit initiativ til å arrangere framtidige OL, men berre om IOC gjer fleire nødvendige grep.

Per Bergerud veit mykje om å arrangere store meisterskap. Den tidlegare verdsmeisteren i hopp var direktør for VM i skiskyting 2016 og leiar nå VM i Orientering i Østfold 2019.

Per Bergerud

Per Bergerud leia VM i skiskyting som blei ein suksess både sportsleg og publikumsmessig. Han meiner slike meisterskap samlar nasjonen og skapar engasjement og glede.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Vil tilbake til røtene

Søndag innrømte IOC-president Thomas Bach at det er på tide at vinterleikane blir arrangert i vintersportsland der det er interesse frå før.

– Me har hatt nye vintersportsstader i tre OL på rad nå, Sotsji, Pyeongchang og Beijing (neste OL). Men ein kan ikkje berre plante nye frø, og gløyme røtene. Me vil tilbake til røtene, sa presidenten og nemnde Noreg som ein slik stad.

Er nesten dobbelt så stort som 1994-OL

Bergerud er einig i resonnementet til Bach, men meiner mykje står att frå IOC si side om det skal bli aktuelt.

IOC har gjort eit lite grep ved å gå bort frå kompakte leiker, men må ta ytterlegare grep. Ein må få ned kostnadane for arrangørlandet, og ein bør sjå på talet på øvingar. Det har vore nesten ei dobling sidan Lillehammer.

På Lillehammer blei det delt ut medaljar i 61 øvingar, i Pyeongchang var talet 102.

– OL er komen ut av alle dimensjonar. Kvifor skal langrenn, skiskyting og skøyter ha 12–14 øvingar, medan andre greiner har 1 til 3. Her ligg det potensial for å kutte og spare kostnadar, meiner Bergerud.

Lunde Pedersen i ny OL-øving

Sjølv om den nye OL-øvinga fellesstart på skøyter ikkje krev fleire anlegg, meiner Per Bergerud ein kan spare store kostnadar ved å kutte øvingar. – Det genererer kostnadar for friviljuge og det er mange følgjekostnadar ved fleire øvingar, seier Bergerud.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Forstår ikkje argumentet

Tidlegare olympisk meister på skøyter og IOC-medlem, Ådne Søndrål, trur ikkje det er vegen å gå.

– Eg forstår ikkje det argumentet. Om ein har ein ekstra fellesstart på ski eller lagtempo skøyter må ein likevel ha arenaen og hallen. Dei nye øvingane har vore med på å fylle dei 16 dagane ein uansett har. Eg er einig i at IOC må ta grep, men eg har meir tru på å spreie øvingar geografisk enn å kutte dei, seier Søndrål.

Ådne Søndrål

Ådne Søndrål var tidlegare utøvarrepresentant i IOC og har eit håp om å få OL til Noreg att. Men hallingdølen trur det er for tidleg med ein ny OL-debatt nå.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / NTB scanpix

Generalsekretær i Skøyteforbundet, Halvor Lauvstad er einig.

– Eg klarer ikkje å forstå at det å kutte skøyteøvingar vil gjere det billegare. For oss er det viktig å utvikle oss og ha eit attraktivt program. Me skulle gjerne fått inn lagsprint på OL-programmet også, seier Lauvstad.

Han meiner det er viktig for utviklinga av sporten.

– Fleire øvingar og distansar gjer at ulike type utøvarar kan hevde seg. Både på skøyter og i langrenn. Me må alltid utvikle oss, og sjå om me kan oppdatere konkurranseprogrammet. Spørsmålet er om det skal gå på bekostning av noko.