Hopp til innhold

– Ingen tragedie å vere unge foreldre

– Det var ikkje før i fjerde månad eg fann det ut. Eg følte meg heilt normal, men magen byrja å vekse. Så tok eg ein graviditetstest og braut ut i gråt, seier Marte Cecilie Braaten som var 17 år då ho blei gravid.

Håvard Leret, Marte Cecilie Braaten og sonen Noah Elias.

Håvard Leret og Marte Cecilie Braaten var unge då dei fekk sonen Noah Elias.

Foto: Idar Edvin Krogstad / NRK

I september 2010 fekk ho sjokkmeldinga frå legen: - Du er gravid i fjerde månad! Etter å ha født ein velskapt liten gut tek ho eit oppgjer med samfunnet si stigmatisering av unge foreldre.

Ho er skeptisk til TV-seriane som framstiller tenåringsmødrer som umodne jenter utan nettverk og familie.

Noah Elias er fire og ein halv månad gamal og ynkar seg litt der han ser opp på foreldra. Pappa Håvard Leret er 17 år og mamma Marte Cecilie Braaten runda 18 år for ikkje så lenge sidan.

Dei går begge i andre klasse på vidaregåande skule i Drammen. Dei koser på Noah Elias og lar han sutte på smokken. I dag har dei vore på helsestasjonen og alt står bra til.

– Gråt da eg såg graviditetstesten

– Eg tok først ein graviditetstest som var positiv. Då eg fortalte om det til Håvard blei vi begge heilt stille. Vi snakka ikkje saman på 15 minuttar.

Håvard Leret tenker seg om og innrømmer at han vart heilt tom i hovudet. Han gråt.

– Eg blei heilt sjokka. Etter kvart tenkte eg på utdanninga mi og korleis vennar og familie ville reagere. Legen bekrefta det dei knapt kunne tru, at dei skulle bli unge foreldre.

Som lita jente leika Marte med dukkar. Ho levde seg inn i ei verd kor det var ein ekte baby. Ho mata dukka, stelte ho og skifta bleier.

– Kvinnene i min familie har fått born tidleg. Bestemor var 16 år når ho fødde mamma, og eg vaks opp med mange småborn rundt meg, men eg hadde aldri trudd det kom til å skje meg så tidleg, smiler ho medan ho trøstar Noah Elias. Den lille guten har faktisk tipp-tipp-oldemor som er i live.

– Lei av stygge blikk

Håvard og Marte bur no i si eiga leilegheit og har god støtte i begge besteforeldrepara i familien. Dei tek kvar sin dag med barnepass slik at dei unge foreldra får konsentrere seg om lekser og andre utfordringar. Og får ta litt vare på kvarandre.

– Skulen har vore veldig fleksibel, vi kan ta fri når det trengst.

Og dei to meiner det ikkje har gått ut over karakterar og læringskurve. Marte har fem i karaktersnitt.

– Men det blir litt fråvær då, seier Håvard.

Det som plagar Marte meir er alle dei lange blikka, småkommentarane og himlinga med auga dei får frå folk i byen.

– Seinast i dag på veg heim frå helsekontrollen fekk vi mange blikk frå folk på bussen. Eg meiner at Tv-seriar som "Unge Mødrer" skaper eit bilete av unge foreldre som uansvarlege tenåringar utan familie og nettverk. Eg får lyst å skrike ut at eg har kjærast, tek utdanning og bur i eiga leilegheit!

– Problem, utfordring og glede

Svein Tore Bergestuen

Svein Tore Bergestuen.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Kommunikasjonsdirektør i TVNorge, Svein Tore Bergestuen, forstår at nokre unge mødrer og fedra kan føle at samfunnet ser ned på dei, men at TV-serien er basert på journalistikk om eit interessant tema.

– "Unge mødrer" setter fokus på eit problem, ei utfordring og ei glede ved det å vere ung mor. Programmet er meint å både vere underhaldning, opplysning og til ettertanke.

Marte Cecilie Braaten er så lei av at folk stigmatiserer unge foreldre at ho skreiv ein kronikk i Drammens Tidene kor ho tek eit oppgjer med dei som ser ned på tenåringsmødre.

240 mødrer under 18 år i fjor

Marte Cecilie Braaten og Håvard Leret tilhører den største aldersgruppa blandt foreldre under 18 år. I følgje Statistisk Sentralbyrå var det totalt 240 mødrer mellom 15 og 18 år som fødde born i Noreg i 2010. Ikkje uventa er den yngste gruppa minst.

Det var 13 jenter på 15 år som blei mødrer og det var 176 mødrer som enno hadde eit år igjen før dei har lov til å køyre bil.

17 år gamle Håvard seier han sjølvsagt veit at ubeskytta sex kan føre til born.

– Det ligger i bakhovudet heile tida. Det var likevel eit sjokk. Kanskje kjem vi til å få fleire born ein gong seinare. Men det får bli når vennane våre får sine første, ler det unge paret.