– Katastrofal salting

Ekspertar på vegsalting seier det er på høg tid at Statens vegvesen no vil salte mindre på vintervegane i Noreg. Meir sand og meir brøyting kan bli framtidas vegvedlikehald.

Riksvei 7 vinter

Det blir meir brøyting og bruk av sand på riksvegane frå no av.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

– Dersom vi ser på de mest alvorlege ulykkene er effekten av salting mykje mindre enn på mindre alvorlege ulykker, seier Torkel Bjørnskau, forskingsleiar ved Transportøkonomisk institutt. Han meiner Vegvesenets nye praksis med mindre salt og meir varm sand er vegen å gå.

– Eg synast dette høyrast fornuftig ut. Man har brukt salt litt for ukritisk tidlegare, gjerne under forhold kor salting har mindre effekt. Meir bruk av sand er i tråd med det forskinga viser er lurt, seier Bjørnskau.

Mindre salting på riksveiene

Veisalting kan være ulovlig

Meiner salt gjer vegen glattare

Tidlegare forskar i Sintef, og rådgivar i organisasjonen Stopp Veisaltingen, Lars Erik Bønå, går endå lengre i kritikken av Vegvesenets tidlegare praksis med salting.

Lars Erik Bønå i "Stopp veisaltingen"

Tidlegare forskar i Sintef, og rådgivar i organisasjonen Stopp Veisaltingen, Lars Erik Bønå er sterkt kritisk til praksisen med vegsalting som har vore fram til no.

Foto: Tone Iversen

– Vegvesenet sin tidlegare strategi har vore katastrofal. I dei aller fleste tilfella vil mykje salt berre gjere vegen glattare. Det er berre når ein har sole av is og snø og det er mildvêr på veg salt har god effekt. Men då må regnet vaske bort saltrestane, seier Bønå.

Prosjektleiar for drift og vedlikehald i Statens vegvesen, Odd Grette, leitar stadig etter nye metodar for å halde vegen trygg vinterstid. Han avviser at tidlegare saltingspraksis har vore katastrofal.

– Vi høyrer på trafikantane og andre grupper fortel oss, og ein ønsker både mindre salt og berre vegar. No prøver vi å bruke ny teknologi og stadig forbetre oss.