– Gå til parterapi før ferien

DRAMMEN (NRK): Mange par er for dårlege til å snakke om forventningane ein har til ferien, meiner leiar for familievernkontor. Dei vil at par heller skal gå i parterapi før enn etter ferien.

Steinar og Catrin Sagen parodiert som paret Stein og Katrine i Parterapi

Parterapi treng ikkje å sjå ut som ut i den populære NRK-serien. Men ein samtale hos det lokale familievernkontoret kan vere ei god investering om ein ser på ferien som vanskeleg.

Foto: NRK / Seefood

– Har eg forventningar om ein ferie som ikkje har så mykje planar? Eller forventar eg ein ferie med mange planar der ein skal treffe vener, familie og slekt, og reise mykje rundt?

Det er slike spørsmål Helle Baadsvik, leiar for familievernkontoret i Drammen og Kongsberg, meiner par må stille kvarandre i tida før sommarferien.

Helle Baadsvik

Helle Baadsvik er leiar for familievernkontoret i Drammen og Kongsberg og meiner alle par bør snakke om sine eigne forventningar før sommarferien tek til.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

Lettare å snakke om ting enn forventingar

Familiekontora opplever ofte stor pågang i etterkant av feriar. Baadsvik meiner mykje kunne vore unngått om ein var flinke til å snakke om kva alle partar håpar å få ut av ferien.

Ikkje berre om kor og når ferien skal gå.

– Det er lettare å snakke om ting, men det å snakke om kva det er ein ynskjer og ser for seg kan vere strevsamt for mange. Når rammene frå kvardagen blir borte og ferien kjem kan det bli vanskelegare. Derfor er det viktig å snakke om kva ferien skal vere for oss og kva ein ynskjer seg, seier Baadsvik.

Småbarnsmødrene Selma Lysaker og Renate Morken gler seg mellom anna til to veker i Spania, men som dei fleste NRK treff i Drammen har dei ikkje snakka om sine eigne forventningar på heimebane.

– Nei, men det burde me kanskje gjere. Me snakkar jo med barna om kva slags forventningar dei har til ferien og kva dei skal oppleve. Me snakkar ikkje om forventingar til korleis me skal løyse kriser undervegs eigentleg, seier Morken og legg til:

– Me set oss ikkje ned og snakkar om at dette har far behov for og dette har mor.

Småbarnsmødre på kafe

Småbarnsmødrene Renate Morken og Selma Lysaker har ikkje tenkt på at det å snakke om sine eigne forventingar til ferien er viktig.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

– Kanskje ein burde ha spurd kvarandre om forventningane, for eksempel om ein vil vere mest mogleg aktiv eller slappe mest av saman med oss. Så får kanskje eg og sambuaren dei same forventingane, seier Lysaker.

– Ikkje ha for stramt program

Hos familievernkontoret oppmodar leiar Baadsvik par som er usikre på kva ferien vil bringe til å kome til dei før dei legg ut på ferietur.

– Om ein synest det å gå inn i ein ferie er litt vanskeleg er det absolutt nyttig å ta kontakt med oss, både for barn og foreldre sin del. Det er ein god måte å førebyggje på, meiner ho.

I tillegg til å snakke med kvarandre om forventningar, meiner Baadsvik det er viktig å ikkje leggje opp eit for stramt tidsprogram.

– Det er fint å tillate seg at humla susar litt. Få stresset og krava ned. Berre vere i dagen og i livet trur eg er viktig både for barn og vaksne.