Hopp til innhold

– Folk svarar på telefonar under gravferder

Etter å ha arrangert tusenvis av gravferder har gravferdsbyrået eit råd: Skru av telefonen. Stadig oftare blir sorgtunge seremoniar forstyrra av smarttelefonar og dryge ringetonar.

Created by InfoDispatcher

Presten er midt i ein høgtideleg minnetale – så ringer mobiltelefonen som du har gløymt å slå av. Du famlar stressa etter telefonen, medan folk ser stygt på deg.

Runar Løvaas, leiar for Jølstad gravferdsbyrå i Drammen seier det skjer så ofte, at dei nesten har blitt vande med det.

– Det skjer nesten kvar gravferd vi gjennomfører. Folk blir sjølvsagt opprørte når det skjer, sukkar han.

Runar Løvaas

Runar Løvaas meiner det går for langt når folk faktisk tek telefonen opp til øyret og svarar undergravferder.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Gravferdsagenten meiner det ikkje er berre kvekkande, ropande, musikalske og skarpe ringetonar som irriterer. Einskilde tar til og med telefonen i kyrkja.

- "Hei det er Knut, eg sitt i ei gravferd, kan eg ringe deg seinare?", det er slikt folk kan seie i staden for å berre få skrudd av den telefonen.

Presten kan og vere syndar

Mobilforbud kirke

I Sjåstad kyrkje i Lier blir ordspel frå Bibelen brukt for å få folk til å bruke mobilvett.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Men så er synda kanskje likt fordelt. Ein gong var Løvaas med på ei gravferd kor ein telefon ringde og ringde, til slutt fekk presten nok og gav klar beskjed om den telefonen måtte skruast av.

– Men så skjønte presten at det var han eigen telefon som ringde, flirer han.

Og resultatet av denne upassande nye trenden er at fleire og fleire kyrkjer no gir klar beskjed på veg inn i lokalet.

I Sjåstad kyrkje i Lier heng til dømes plakaten "Mobilen A'me'n".