Hopp til innhold

– Bygningen svaia

Det nye kraftige jordskjelvet som ramma Nepal i dag pregar eit allereie hardt råka folk. Britt Celine Oldebråten frå Lier er i Katmandu for å hjelpe. Då skjelvet sto på kom ho seg raskt ut av bygninga hjelpeorganisasjonen held til i.

Nytt jordskjelv i Nepal

Fleire døde og fleire hundre vart skadd etter det andre store jordskjelvet i Nepal på få veker.

Foto: PRAKASH MATHEMA / Afp

– Vi sat på kontoret utanfor Katmandu. Eg hadde flytta opp i tredje etasje fordi eg tenkte det var trygt no. Heldigvis var eg i resepsjonen på bakkenivå då det nye store skjelvet råka, så det var kort veg ut av bygninga, fortel Britt Celine Oldebråten på telefon frå Nepal.

Britt Celine Oldebråten

Britt Celine Oldebråten redda seg ut av den svaiande kontorbygninga kor ho jobbar med å koordinere naudhjelp, utanfor hovudstaden Katmandu.

Foto: ADRA

Ho har vore i Nepal sidan slutten av april for å jobbe for organisasjonen ADRA. Skjelvet i dag vart målt til styrkegrad 7,3 og ramma 68 kilometer vest for byen Namche Bazar, nær Mount Everest. Førebels er det rapportert fleire døde, og fleire hundre skadde. Storleiken på skadane er elles ikkje kjent.

– Bygninga svaia og vindauga som sto på gløtt slo mot karmane. Vi kjente at noko bølga i bakken under oss. Folk gråt og hadde frykt i auga, fortel Oldebråten.

Dei lokale tilsette hoppa i bilar for å reise heim til familiane sine for å sjå til dei.

– Har kjent meg trygg fram til i dag

Organisasjonen deler ut mat, presenningar, telt og anna som dei råka nepalarane treng etter at skjelvet 25. april raserte deler av landet.

– Eg har kjent meg trygg gjennom desse vekene. Etterskjelva etter 25. april har rett nok vekt meg om natta, men det som skjedde i dag hadde ein heilt annan storleik.

Snart står monsunregnet for tur, og titusenvis menneske har mista heimane sine etter det første skjelvet, og fleire etter dagens jordskjelv.

– Det er viktig at folk støttar alle hjelpeorganisasjonane som jobbar i Nepal no, for landet treng all hjelp det kan få. Utruleg mange bustader må byggast opp, seier Oldebråten, som etter planen skulle returnere til Noreg torsdag.

Jordskjelv i Nepal 12 mai