Hopp til innhold

8-åring livstruande skada etter drukning

Den åtte år gamle guten sklei ut i vatnet da han var på sykkeltur med ein like gamal kamerat til ein badeplass på Konnerud i Drammen. Tilstanden til guten skal vere livstruande.

Inntakeren

Inntakeren er ein mykje brukt badeplass på Konnerud.

Foto: Anders Nielsen / NRK

Guten kunne ikkje symje, mens kameraten som varsla, hadde tatt symjeknappen. Dei to var aleine ved tjernet som ligg like utanfor eit bustadfelt. Gutane skal ha leika i vasskanten.

– Da den eine guten ramla uti vatnet, sprang kameraten heim til guten og fekk henta faren. Han klarte å få sonen opp av vatnet, fortel operasjonsleiar Trond Egil Groth i Søraust politidistrikt til NRK.

Oslo universitetssjukehus seier til NTB måndag kveld at tilstanden til guten er livstruande.

Ambulanse kom til staden og fekk starta hjarte og lungeredning like etter klokka 18.

18.15 kom meldinga om at guten hadde blitt sendt med luftambulanse til Rikshospitalet og hjarte og lungeredninga heldt fram i luftambulansen på veg til Oslo.

Ambulanse på Inntakeren
Foto: Harald Inderhaug / NRK

Det skal ikkje ha vore noko vitne til hendinga og politiet kan heller ikkje seie noko om kor lenge guten har vore i vatnet.

Inntakeren er eit tjern like ved eit bustadfelt på Konnerud og er tilrettelagt som badeplass.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold