NRK Meny

67 bilførarar fekk førelegg

67 bilførarar har fått førelegg under fleire trafikk-kontrollar i ettermiddag. Politiet i Nordre Buskerud seier det er urovekkande at så mange blir tatt i påsketrafikken. Det var hovudsakeleg fartsgrensene som vart brote under kontrollane, som gjekk føre seg mellom klokka 12 og 16. Utrykningspolitiet kjem til å halde fram med fleire kontrollar gjennom påska.