Hopp til innhold

600 ledige startnummer til Skarverennet

Sjølv om det er store mengder snø i løypa kor Skarverennet skal gå, lurer varmen og vårstemninga i lågare strok mange til å tru at det er dårlege skiforhold. 600 ledige startnummer ventar på deltakarar.

Jan Holden

Det er nok av snø i og utanfor løypene til Skarverennet. Men fleire hundre startnummer ventar på at folk skal forstå at blomstrande krokus i låglandet ikkje betyr snømangel i fjellet.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

Skarverennssjef Jarle Uthus trur at folk i byane ser seg blinde på dei lokale verforholda. For snø er det meir enn nok av i fjellområda i Buskerud.

Veks krokusen?

Skarverennssjef Jarle Uthus.

Sjef for Skarverennet Jarle Uthus håper skuffa Birkendeltakarar vil avslutte sesongen i deira arrangement.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

– Mange trur det er bart her oppe. Eg får telefonar frå folk i Drammen, Hønefoss og Oslo som spør om krokusen veks. I Geiloregionen er det to meter med snø på flat mark, sukkar Uthus.

Det er mange mistydingar ute hjå publikum omkring snøforholda på årets Skarverenn, som går av stabelen 26. april. Sjølv om det er store mengder snø i den 37 kilometer lange traseen frå Finse til Ustaoset, vegrar ein del folk seg for å bestille billett til det populære turrennet. Fordi våren er komen i låglandet.

– Me har att fem hundre billettar frå Haugastøl og eitt hundre frå Finse, men dei siste er i konkurransen. Så dei må vere FIS-registrerte løparar, og det er ikkje for kven som helst, seier Skarverennssjefen. Det er 1100 påmelde i konkurranseklassa.

Birkenavlysinga kan gi ekstra interesse

Då styrkeprøva Birken vart avlyst på grunn av sterk vind, var det mange sinte og skuffa skiløparar. Det er mange blant årets deltakarar som ønsker ei skikkeleg kraftprøve for å avslutte sesongen.

– Og Skarverennet blir ikkje avlyst, då skal det mykje til, seier Uthus.

Jan Holden

Tråkkemaskinførar Jan Holden har tusenvis av kubikkmeter snø på lur. Det er og over to meter djup snø ute i løypene.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

Og tråkkemaskinførar Jan Holden på Ustaoset stadfestar at det er uvanleg mykje snø ute i traseen i år. Det forsterkar moglegheita for at årets Skarverenn den siste laurdagen i april vil gje dei mange tusen skiløparane ypparlege forhold, seier han:

– Eg har ikkje brukt tommestokk for å måle, men løypestaurar som er to og ein halv meter lange må forlengast for å stikke opp. Mange av dei store steinane rundt matstasjonane er no slukt av snøen, konstaterer Holden.

Mange kjende blant dei påmelde

Sjølv om det førebels er startnummer att i eliteklassa, så vil det ikkje mangle på kjende namn på startlistene i årets Skarverenn, seier sjef Jarle Uthus.

– Alle dei beste jentene og gutane kjem. Både dei som var med i OL og tok medaljar, sveitsaren Dario Cologna og fleire kjende skiskyttarar.

Det har tidlegare vore problem med snømangel på Ustaoset. Det blir det neppe i år seier Uthus:

– Vi har samla snø der sidan jul og no ligg det 9000 kubikkmeter klar i målområdet, som skal spreiast utover der kor det kan vere litt tynt. Vi er godt førebudd!


Flere nyheter fra NRK Buskerud