Hopp til innhold

600 fylte kulturkyrkja

GEILO (NRK): 600 menneske fylte Geilo kulturkyrkje sundag kveld for å høyre Bjørn Eidsvågs siste konsert i år.

Bjørn Eidsvåg fylte kulturkyrkja

Publikum fekk ein god blanding av Eidsvågs mangslungne repertoar pluss mange gode historier innimellom. Eidsvåg, berre med sin klassiske gitar, syntest å vera svært passande i det store kyrkjerommet. I alle høve runga applausen tett gjennom den halvannan time lang konserten.

Eidsvåg fortalde at han på ein heilt spesiell måte kjende seg heime i kulturkyrkja, kanskje aller mest fordi kyrkja er sterkt prega av den no avdøde kunstnaren Kjell Nupen som var Eidsvågs nære venn. Den store altertavla som dannar bakveggen på kyrkja, altaret, døypefonten og ein kristusfigur høgt oppe på kyrkjeveggen er laga av Nupen.

No skal Eidsvåg trekkje seg attende til hytta si i Skurdalen nær Geilo, feire jul der med familien og på nyåret ferdigstille eit skodespel som skal framførast på Det Norske Teatret til hausten.

Bjørn Eidsvåg fylte Geilo kulturkyrkje
Foto: Gunnar Grimstveit / NRK