NRK Meny
Normal

15-åring skadd etter fall

Ei 15 år gamal jente er sendt til sjukehus med luftambulanse etter at ho falt ned frå demninga på Landfalltjern i Drammen.

Laster kart, vennligst vent...

Ulukka skjedde ved den populære badestaden Landfalltjern i Drammen.

– Vi har ikkje fått klårheit i omstenda rundt at jenta skada seg, men ho har falt ned frå demninga i feil retning frå vatnet, ned mot fast grunn, fortel operasjonsleiar Tore Nuven ved politiet.

15-åringen skal ha vore ved bevisstheit då ambulansehelikopteret tok av for å transportere ho til Ullevål sjukehus.

Laster Twitter-innhold