Hopp til innhold

10.-plass på Tande

Daniel-Andre Tande fekk vanskelege forhold og klarte ikkje heilt å fylgje opp sigeren i Holmenkollen i går, i Raw Air-kvalifiseringa på Lillehammer i kveld. 125,5 meter heldt til 10.-plass for Kongsberg-hopparen som nå er nummer fire i samandraget, 54,1 poeng bak Kamil Stoch, som også vann kvalifiseringa.