Hopp til innhold

Enkle hytter populære

Fleire og fleire vil leige Kystled-hytte i Oslofjorden. Dei siste åra har talet overnattingsdøgn på dei enkle overnattingshyttene auka med rundt 10 prosent kvart år. Det er Oslofjordens Friluftsråd som driv dei rundt 60 hyttene, som skal gi folk ein rimeleg måte å oppleve fjorden på. Terje Andresen i Kystled Oslofjorden, trur trenden skuldast at folk ønsker å ta sommarferien nærare naturen.

Kystledhytte på Tjøme
Foto: Oslofjordens Friluftsråd

Flere nyheter fra NRK Buskerud