Hopp til innhold

Feil ikkje funne etter gasslekkasje

Aass bryggeri har ikkje funne årsaka til at ein tank med etsande veske byrja å lekke natt til søndag. Det seier administrerande direktør Christian Aass.

Det utvikla seg ei gassky over delar av Drammen sentrum, og det blei oppretta ei tryggleikssone på 300 meter då lekkasjen blei oppdaga.

Ingen vart skadde. I dag skal Aass bryggeri i møte med leverandøren for å prøve å finne feilen.

Lekkasje Aass bryggeri
Foto: Vegard M. Aas / NRK

Flere nyheter fra NRK Buskerud