Hopp til innhold

Anbefalte å ikkje møte Lundteigen

Politimeister i Sør-Øst politidistrikt, Christine Fossen, diskuterte med Politidirektoratet korleis ho kunne unngå å treffe stortingspolitikar Per Olaf Lundteigen etter vedtaket om å gjere Tønsberg til hovudkvarter for det nye store politidistriktet. Det kjem fram i VG i dag. Det går fram av dokumenta avisa har fått tilgang til at Politidirektoratet anbefalte politimeister Fossen å unngå å møte Lundteigen, som dei trudde ville ha omkamp om plasseringa av hovudkvarteret.– Mitt oppdrag er å etablere Sør-Øst politidistrikt, ikkje drive omkampar, seier Christine Fossen til VG.

Christine Fossen
Foto: Per Håkon Solberg / NRK

Flere nyheter fra NRK Buskerud