Hopp til innhold

Lågast fruktbarheitstal i Buskerud

Fødealderen går opp, og fruktbarheita går ned her i landet. Og Buskerud har lågast fruktbarheit.
Fruktbarheitstalet for kvinner beskriv gjennomsnittleg tal barn kvar kvinne kjem til å føde frå alderen 15 til 49 år. Lågast var fruktbarheita i Buskerud, med eit fruktbarheitstal på 1,58 barn, viser tal frå Statistisk sentralbyrå. Landsgjennomsnittet i Noreg var 1,71 barn per kvinne.