NRK Meny

-120 politikontor blir 20 patruljar

Politiets Fellesforbund hevdar at dei 120 politi- og lensmannskontora som blir lagt ned over heile landet på grunn av politireforma, blir erstatta av berre 20 utegåande politipatruljar. Dette er eit reknestykke dei legg fram på Nationen TV. Nestleiar i justiskomiteen på Stortinget, Anders Werp, seier han blir matt av dette reknestykket - og viser til at blant anna bemanninga i Hallingdal blir styrka med fire nye politistillingar som følge av reforma.

Anders B. Werp på Gardermoen
Foto: Roald, Berit / NTB scanpix