Fakta
Det bryggar opp til kyrkjestrid på Geilo etter at skissa til eit nytt kyrkjesenter nyleg blei lagt fram.
Det er vanvittig å bruke 18 millionar kommunale kroner til ny kyrkje når vi må spare på alle andre område, seier Henning Dolve, representant for Høgre i Hol kommunestyre.
Skissetegning av Geilo kyrkjesenter (tegnet av arkitekt Jorunn Westad Brusletto).
- Delar av dei kommunale pengane som er sette av til ny kyrkje kan brukast til opprusting av den eksisterande kyrkja, meiner Dolve.
Løyvingane frå kommunene på 18 millioner kroner er på ingen måte nok til nytt kyrkjebygg, hevder Dolve, som trur kyrkja vil koste ein stad mellom 30 og 35 millionar kroner.
Kyrkjeverge Astrid Tingstad understrekar at kyrkjesenteret skal innehalde ei rekkje funksjonar - både kyrkjelege og verdslege.
Hol kyrkje er den største av seks kirker i Hol kommune med 500 sitteplasser. Foto: Gunnar Grimstveit.
Tingstad seier at 18 millionar alt er løyvd frå kommunen si side. Skulle det bli behov for meir pengar må ein gå til private sponsorar og investorar, meiner Tingstad, som har tru på at kyrkja står ferdig i 2007.
Leiar i Geilo kyrkjelydsråd, Grete Kirkerud, meiner det er på høg tid at Geilo får ei ny og brukervennleg kyrkje.
Kirkerud forstår dei som er imot bygging av nytt kyrkjesenter medan kommuen må spara pengar på alle andre frontar. - Men den nye kyrkja på Geilo har vore under planlegging så lenge no at det er på høg tid bygget blir realisert, meiner Kirkerud