NRK Meny
Normal

- Steinberg stasjon skal opnast

Stortingsrepresentantar frå Buskerud vil ha Stortinget med på å presse regjeringa og Jernbaneverket til å opne Steinberg stasjon att.

Steinberg stasjon

Kvar dag brukte fleire hundre pendlarar Steinberg stasjon før den blei førebels stengt. Det er usikkert om den blir opna att.

Foto: Harald Inderhaug

Per Olaf Lundteigen (Sp), Lise Christoffersen (Ap) og Torgeir Micaelsen (Ap) har no sendt eit såkalla Dokument 8-forslag for å få Stortinget til å krevje at Steinberg stasjon i Nedre Eiker blir oppgradert og opna. Stasjonen blei mellombels stengt i desember 2012.

Mista togstasjonen sin

Per Olaf Lundteigen

Per Olaf Lundteigen seier det burde vere unødvendig å gå nok ei runde i Stortinget om å opne Steinberg stasjon.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Fleire hundre bebuarar i området kunne ikkje lengre nytte stasjonen til den daglege pendlinga til og frå jobb då den blei stengt. Stortingsrepresentant Per Olaf Lundteigen (Sp) vil no bruke Stortinget til å tvinge fram ei gjenopning.

Det burde vere heilt unødvendig å gjere dette, men det er skapt stor uvisse om stasjonens framtid frå samferdsleministeren, Jernbaneverket og ordføraren i Drammen. Det er sterke krefter som ønsker å bruke pengane på noko anna enn Stortinget har vedteke, seier Lundteigen.

Ønsker heller dobbelspor

Dei næraste fire åra er det sett av 165 millionar kroner til jernbanestrekninga mellom Drammen og Hokksund. Tidlegare var desse midlane meint for å oppgradere og opne Steinberg stasjon att.

Men no nyleg anbefalte Jernbaneverket i sitt handlingsprogram at det ikkje bør brukast meir pengar på Steinberg. Dei meiner dei får lite ut av pengane ved å oppgradere stasjonen, som i dag er stengt.

Anne Marstein

Anne Marstein er plan- og utviklingsdirektør i Jernbaneverket, region Øst.

Foto: Øzgur Tufan / NRK

– Vi ser at vi er nøydde til å gjennomføre ei rekke tiltak for å få grunnruta til å fungere, dersom vi skal opne Steinberg. Så vi har sendt eit råd til samferdsledepartementet om ikkje gjere det, seier Anne Marstein i Jernbaneverket.

Dei ønsker heller å bruke midlane til å betre togtilbodet på heile strekninga. Det betyr at Jernbaneverket ønsker å bygge dobbeltspor på delar av strekninga mellom Drammen og Hokksund. Målet er å få fleire togavgangar.

Tidsplanen er i ferd med å ryke

Stortingsforslag Steinberg stasjon

Dette er det såkalla Dokument 8-forslaget som kan føre til at Stortinget nok ein gong seier Steinberg stasjon skal opne att.

Foto: Dokument

– Samfunnet rundt Steinberg stasjon i Nedre Eiker ligg praktisk til rundt togstasjonen og mange kan bruke bil dit og parkere i staden for å køyre til Mjøndalen, seier stortingsrepresentant Lundteigen. Han har saman med fleire av dei andre politikarane frå Buskerud sendt forslag om at tidsplanen for Steinberg stasjon må haldast. Den skulle eigentleg vore opna att i slutten av 2014. I alle fall om tidlegare stortingsvedtak er verdt papiret det er skrive på.

– No skal samferdslekomiteen handsame vårt Dokument 8-forslag før det sendast Stortinget for diskusjon. Det bør kunne skje innan ein månads tid.

– Men tida jobbar mot gjenopning?

– Vi er i tidsnaud, ingen tvil om det. No må samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) instruere Jernbaneverket om å følge tidsplanen som allereie er vedteke av Stortinget. Stasjonen skal opnast, seier Lundteigen.