Hopp til innhold

- Har ikkje sett så mykje til økoturistane

For seks år sidan verna regjeringa Trillemarka-Rollagsfjell. Oddvar Tonby mista retten til å drive hogst i 3500 mål skog.

Oddvar Tonby

Der kor snøen enno ikkje har smelta byrjar Trillemarka-Rollagsfjell Naturreservat. Oddvar Tonby får ikkje lenger drive med det tidlegare generasjonar levde av.

Foto: NRK

Oddvar Tonby frå Sigdal står i kanten av skogen han framleis har lov å rusle i, men ikkje tener pengar på. Då regjeringa i 2008 vedtok å verne Trillemarka-Rollagsfjell vart punktum sett for skogdrifta generasjonar hadde drive med på gardane rundt verneområdet.

– Det er dette eg har drive med. Eg har eit sakn etter å jobbe i skogen, seier han med blikket vendt mot skogkanten.

Då Staten tok skogen

Solheim i Trillemarka

Tidlegare miljøvernminister Erik Solheim var fleire gongar i skogen for å finne løysinga på den bitre striden.

Foto: NRK

I årevis gjekk striden om verning av skogsområdet som ligg mellom dalføra Sigdal og Numedal. Området er unikt i norsk samanheng, med mykje gamal skog og planteartar som kan vere truga.

Skogeigarane argumenterte med at grunnen til at skogen kunne vere verneverdig var nettopp at familiane i generasjonar hadde tatt vare på den.

– Gården er på 4700 mål, og mesteparten er skog. Det var det vi skulle satse på, og leve av, seier Tonby.

Han tok over garden som hadde vore i konas familie og hadde investert i ny driftsbygning som han ønska å finansiere med tømmer han kunne selje. Så drog vernekampen seg til.

Trillemarka protest

Naturvernarane kjempa for at gamalskogen og plantefloraen i Trillemarka ikkje skulle bli øydelagd av skogsdrift.

Foto: NRK

Naturvernarar og politikarar reiste i skytteltog til skogsområdet. Kampen stod om kor mykje som skulle vernast. Grunneigarane tilbydde 100 kvadratkilometer, Norsk institutt for naturforsking foreslo 200 kvadratkilometer. Tonby mista 3500 mål skog til naturreservatet.

Les meir:

– Turistane kom aldri

I 2008 bestemte regjeringa at det endeleg verneområdet blei 147 kvadratkilometer stort. Dei som eigde skog fekk økonomisk kompensasjon, og fekk drive med jakt og fiske innanfor naturreservatet. Det vart hevda at overnatting, økoturisme og merkevara eit naturreservat ber med seg skulle bli den nye næringa bygdefolket skulle leve av.

Tonby skjønte tidleg at det ikkje vart verdt innsatsen.

– Eg skjønte at tida det tek å reklamere, drive og bemanne utleige av stabbur til overnatting ikkje var verdt innsatsen. Det var ikkje måte på kor bra det skulle bli, men dei som skulle komme og bruke området ser vi lite til, seier Tonby seks år etter vernevedtaket.

Trillemarka-Rollagsfjell i Buskerud

Trillemarka byr på idyll så langt auget kan sjå. Skogseigarane meiner det er fordi dei har tatt vare på skogen til seinare generasjonar.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

Bygdene lev vidare

I dag dyrkar Tonby økologisk korn og monterer kjøkken som attåtnæring. Han har lagt vernestriden bak seg. Og det har mange andre som frykta konsekvensane av det ufrivillige vernet.

Ordførar i Sigdal, Kari Ask, seier at såra framleis er til stade etter kampen om kor mykje som skulle vernast, men at livet går vidare.

– Det har sett spor i folks sinn, men det har ikkje fått så store konsekvensar som at folk har flytta frå bygda, seier ho.

Og på garden i skogkanten smiler Tonby litt i munnvikane:

– Eg saknar skogen, men ryddar framleis litt skog og høgg ved. Så motorsaga får eg då brukt ein gong i blant.