Vitjingane i kyrkja har teke seg kraftig opp etter at bryllaupsplanane mellom kronprins Haakon og Mette-Marit Tjessem Høiby vart kjend. På laurdag var heile 3 000 menneske innom kyrkjedørene i Oslo, skriv TV2.no.
Domkyrkja under oppussing. Foto: NRK
Prøvegår kyrkjegangen
Det er særleg populært å prøvegå kyrkjegangen, men folk er òg interesserte i sjå korleis Domkyrkja har blitt etter oppussinga. Det siste året har ein brukt fleire millionar kroner på å pusse opp kyrkja til bryllaupet.
Vanlegvis er det Holmenkollen, Munch-muséet og Viking-musea som er mest vitja av turistar i Oslo. No seglar domkyrkja opp som ein av dei største attraksjonane. Berre i år reknar ein med at meir enn 300 000 menneske kjem til å ta turen innom kyrkja.