Dei fleste nye bøkene kjem i samband med bryllaupet 25. august, og ikkje overraskande handlar dei fleste av dei om kongebarna.
Märtha og kjærleiken
I 1989 hadde Märtha eit forhold til vestkantguten Thomas Salvesen. NRK-kjendis Anne-Kat. Hærland skal gje ut ei historie om dette forholdet i artikkelsamlinga «80-tallet» som kjem på Kagge forlag i september.
Anne-Kat. har ikkje skrive ei skandalehistorie om prinsessa.
- Teksten min teiknar eit godt og sympatisk bilete av Märtha. Eg står inne for det som er skrive. Prinsessa er ei flott jente, sa Hærland til Dagbladet.no i går.
Ari Behn. Foto: Scanpix
Den noverande kjærasten til Märtha, forfattaren Ari Behn, har opplevd eit enormt sal av den eina boka han har skrive.
– I samband med lanseringa av nettbokhandelen vår, hadde vi eit eventyrleg sal av «Trist som faen», seier Håkon Havik i nettbokhandelen MAO.no. Den fyrste månaden sto Behn åleine for eit par prosent av salet, noko ein må rekne som svært gode tal, fortel han vidare.
"Trist som faen" av Ari Behn
– Den kanskje sterkaste indikasjonen på kor opptekne folk er av ei bok, er kor mange som sender inn eigne omtaler av bøkene, meiner Havik.
Til no har om lag hundre lesarar sendt inn eigne omtaler av Ari Behns «Trist som faen» til MAO.no.
«Mette Marit blir prinsesse»
I samband med bryllaupet, slipp Kagge Forlag boka «Mette Marit blir prinsesse». Boka er ein parodi på ein ungpikeroman, og handlar om ungjenta Mette Marit. Ho blir gift med ein prins, men ikkje med Haakon.
- Jo da, det blir bryllaup mellom Mette Marit og ein kronprins, men ikkje Haakon. Ho giftar seg med ein prins frå eit lite fjelland sør i Europa, seier redaktør Kristin Johansen i Kagge Forlag til Dagbladet.no.
Ein av bøkene om Mette-Marit Tande frå 1949
Til hausten kastar Gyldendal seg òg på Mette-Marit-bylgja. Då trykkjer dei opp att bøkene om den «viljesterke og sympatiske» Mette-Marit Tande frå 50-talet.
– Eg har høyrt at Mette-Marit skal ha blitt kalla opp etter heltinna i desse bøkene, og det er jo artig, sa redaktør Marianne Koch Knudsen til NRK.no tidlegare i år.
Impulsar frå Sonja
Dronninga gjev òg eit tilskot til den kongelege bokhausten. I samband med utstillinga av den private kunstsamlinga til Sonja, gjev Forlaget Press ut boka «Impulser». Utstillinga blir vist på Henie Onstad Kunstsenter, og vil bli vitja av gjestane i kronprinsbryllaupet.
Dronning Sonja på kunstutstillinga "Impulser" på Henie Onstad. Foto: Scanpix
– Kunsten er mitt fristed. Den har vært den private delen av meg. Nå blottlegges sjelen. Det føles rart. Hva må ikke en kunstner som skal gi fra seg sine egne arbeider føle? Til nå har jeg kunnet beholde bildene for meg selv. Det kan jeg ikke lenger. Nå må bildene tale for seg selv. Og for meg., skriv dronninga i innleiinga til boka.
Mange andre bøker om kongefamilien
Carl-Erik Grimstad. Foto: NRK
Boka om «folkemonarkiets vekst og fall» til Carl-Erik Grimstad, tidlegare soussjef på Slottet, sel òg svært godt. Boka var svært omdiskutert, og Grimstad vart skylda for å utnytte den tidlegare posisjonen sin på Slottet.
– Det ser ut til at det er dei omdiskuterte forfattarane som sel verkeleg godt, seier Håkon Havik i nettbokhandelen MAO.no.
– Nettbokhandlane har nok eit litt anna publikum enn dei vanlege bokhandlarane. Vi sel ikkje så mange praktbøker i «gamal dame»-klassen, held han fram.
Dei siste 20 åra er det gjeve ut svært mange bøker om det norske kongehuset. Kronprinsen åleine er vigd fem bøker, og det finst 50-60 bøker om monarkiet, kongefamilien og Slottet.