NRK Sogn og Fjordane – Lokale nyheter, TV og radio

  • Bru stengd – bilar kilt fast

    To biler har kilt seg fast på brua i Utvik. Politiet skriv på Twitter at det skal vere ein personbil og ein bubil som har møtt kvarandre. Personar er uskadde, men sit fast i bilane. Bilane må trekkast frå kvarandre. Vegen er stengd.

  • Flåmsbana stengt

    Flåmsbana er no stengt etter at det har gått eit snøskred ved Berekvam stasjon i Flåmsdalen. Snøskredet skal ha teke med seg nokre køyreledningar, og det er usikkert kor tid Flåmsbana kan opne att.

  • – Ulovlege innkjøp på Knutholmen

    Heilt fram til vårparten i fjor hadde Kinn kommune ei rekkje kommunale møter på Knutholmen i Kalvåg, utan at oppdraget lagt ut på anbod. – Innkjøpa var dermed ulovlege, seier Bjørn Hollevik (biletet), leiar i kontrollutvalet i Kinn Kommune. I tidsrommet 2017 til desember 2019 brukte kommunen to millionar kroner på middagar, vin og overnatting på Knutholmen. 21. februar må rådmannen i Kinn forklare pengebruken overfor kontrollutvalet.

    Bjørn Hollevik
    Foto: erlend Blaalid Oldeide / NRK
  • Ring inn om felles nettside

    Mange har protestert på den felles nettsida til NRK Vestland. No kan du ringe inn og seie di meining til distriktsredaktør Dyveke Buanes direkte i Sogn og Fjordane i dag på NRK P1 eller nettradio. Ring inn di meining på 57724242.

    I Sogn og Fjordane i dag er det duka for meiningsbryting om nettsidene til NRK Vestland. Redaksjonssjef Terje Gilleshammer og distriktsredaktør Dyveke Buanes vert med for å svare på spørsmål. Klassequizen er i dag kommen til Halbrend skule i Førde. Du skal også få bli med på kunstutstillling i Gamlebanken på Eid. Tone Merete Lillesvangstu er på plass i studio. Har du tips til oss, eller vil du sende ei platehelsing? Eller kanskje har du rett og slett berre lyst til å ønskje deg ei god låt? Send SMS til 1987 med kodeord sf, eller ring 57 72 42 42.
  • Åtte vogntog står fast

    Åtte vogntog står fast på riksveg 52 mot Hemsdalsfjellet. Statens vegvesen opplyser at det er glatt frå Borlaug, og at tungtrafikken må bruke kjetting. Entreprenøren er i gang med å strøy med grus.